Handlingsrettleiar for Sande

Handlingsrettleiar for Sande

Ved mistanke om vald, overgrep eller alvorleg omsorgssvikt

Meld saka direkte til barneverntenesta (70058800 / 91576020) og/eller politiet (02800).

 

Handlingsrettleiar

Nivå 0: Undring

1.Uro oppstår

Med uro meiner ein observasjonar eller hendingar som fører til uro kring helsa, trivselen eller livssituasjonen til eit barn. Eventuelle spørsmål ut frå observasjonar eller hendingar kan indikere behovet for å undersøke livssituasjonen nærare. Uro inneber ingen gjettingar eller konklusjonar. 

Verktøy: 

Barn og unge sine signal på mogeleg mistrivsel  (PDF, 594 kB).

Snakke med born 

 

2. Konkretiser uroa

Konkretisering betyr at den uroa ein har fått gjennom observasjon eller samtalar, skal samanfattast og skrivast ned. Det kan også dukke opp eventuelle spørsmål som ein ynskjer å få svar på og som kan underbygge eller avkrefte ei uro. 

Under finn du BTI-verktøy som kan vere til hjelp når du skal definere kva som uroar deg.

NB: Trur du allereie no at uroa di kan vere knytt til eleven sitt fysiske og psykiske skulemiljø (Oppl.l. §9a), hugs fristen på ei veke for innkalling av føresette til samtale. 

Verktøy

  1. Born og unge sine signal på mogeleg mistrivsel (PDF, 594 kB)
  2. Skala for uro born og unge (PDF, 595 kB)
  3. Skala for uro foreldre (PDF, 593 kB)
  4. Observasjonsskjema  (PDF, 626 kB)
  5. Snakke med born 
3. Del uroa

Med "del uroa" meiner ein at kvar enkelt deler sine observasjonar. Del uroa di med:

  1. Kollega i eiga avdeling
  2. Næraste leiar
  3. Føresette /den unge

Dersom du er usikker, kan du og ta kontakt med hjelpetenestene (PPT, helsestasjon, barnevern) for råd og rettleiing.
Vi ynskjer fortrinnsvis ei opa drøfting av saka, etter samtykke frå føresette/den unge. Dette gir erfaringsmessig det beste utgangspunktet. Saka kan evt. også diskuterast anonymt om samtykke ikkje ligg føre.
 

Verktøy

  1. Tips til undringssamtale - barn  (PDF, 624 kB)

  2. Tips til undringssamtale - føresette (PDF, 617 kB)

  3. Samtykkeerklæring (PDF, 78 kB)

4. Avklar uro

Er det grunnlag for å gå vidare? Vurderer behovet for vidare oppfølging.

  1. Behov for å setje i verk tiltak?
    -Gå til nivå 1 i rettleiaren
     
  2. Behov for å hente inn ekstern hjelp utanfor gjeldande teneste?
    -Gå til nivå 2 i rettleiaren. Avgjer kven som skal vere ansvarleg for det vidare arbeidet. 
     
  3. Ikkje grunnlag for vidare oppfølging?
    -Lukk saka. Takk dei involverte for godt samarbeid.

Verktøy

  1. Samtykkeerklæring (PDF, 78 kB)

5. Avslutt saka

Avslutt saka

Dersom det ikkje er grunnlag for vidare oppfølging, avsluttar de saka. Takk dei involverte for godt samarbeid. Minn føresette/ barnet /ungdommen på at dei er velkomne til å be om hjelp dersom det skulle oppstå vanskar på eit seinare tidspunkt. 

Nivå 1: Frå uro til tiltak

1. Møte med føresette/ barnet

Del uroa med føresette / barnet og skap ei felles forståing

Inviter og gjennomfør eit møte med føresette og/eller barnet/ungdommen der du deler observasjonane og uroa di så snart som råd.

  • gjeld dette ein elev sitt fysiske og psykiske skulemiljø (Oppl.l. §9a), seinast innan ei veke.

Skap ei felles forståing kring situasjonen saman med føresette / den unge.  

Avtal tiltak både i heim og aktuell teneste.

  1. Dersom du gjennomfører samtalen med føresette - avklar kven som har ansvar for å informere barnet/ungdommen, korleis ein informerer og korleis ein gir vedkomande høve til å uttale seg. 
  2. Dersom du gjennomfører samtalen med den unge - vurder om det er behov for å informere/kople på føresette, be eventuelt om samtykke og ta kontakt. 

Avtal tidspunkt for evalueringsmøte (PDF, 521 kB).

NB! Også på nivå 1 er det fullt mogleg å søkje råd og rettleiing hos andre tenester/avdelingar, utan at det vert oppretta eit tverrsektorielt samarbeid. Hugs då samtykke frå føresette/barnet dersom saka ikkje skal drøftast anonymt.

Verktøy

  1. Den nødvendige samtalen (PDF, 663 kB)

  2. Samtykkeerklæring (PDF, 78 kB)

  3. Snakke med born 

 

Del i to dersom ikkje stafettlogg

2. Opprett stafettlogg/ tiltak

I situasjonar der barn og unge treng hjelp i ein fase i livet sitt, skal kommunen etter kvart nytte ein elektronisk logg som sikrar dokumentasjon, samarbeid, framdrift og gode overgangar i dette hjelpearbeidet. Den saka gjeld skal informerast om dette, og gje skriftleg samtykke til opprettinga av loggen. Samarbeidskommunane i Sjustjerna samarbeider om eit slikt loggsystem, som skal vere felles for dei sju kommunane. Dette er enno ikkje klart. Difor brukar dei ulike tenesteområda i kommunen det arkiveringssystemet som ein har pr. dato, fram til dette er på plass.

NB! Også på nivå 1 er det fullt mogleg å søkje råd og rettleiing hos andre tenester/avdelingar, utan at det vert oppretta eit tverrsektorielt samarbeid. Hugs då samtykke frå dei føresette/barnet dersom saka ikkje skal drøftast anonymt.

Verktøy

  1. Samtykke til stafettlogg - ikkje sett i verk enno.
  2. Samtykkeerklæring (PDF, 78 kB)

     

3. Set i verk tiltak

Avtalte tiltak vert sette i verk og gjennomført på aktuell arenaer. Alle tiltak skal dokumenterast skriftleg og arkiverast. 

Førebu evalueringsmøtet. Hugs at barnet har rett til å seie si meining i alt som vedkjem det, og at barnet sine meiningar skal vektleggjast. Avklar kven som har ansvar for å snakke med barnet/ungdommen i forkant av evalueringa, for å få vedkomande si eiga oppleving av endring. Vi viser til punktliste for evaluering (PDF, 521 kB).

4. Evalueringsmøte

Evalueringsmøte og avgjerd om vegen vidare

Gjennomfør evalueringsmøte, der alle involverte partar drøftar i kva grad tiltaka har ført til at barnet/ungdommen sin situasjon har endra seg. Få med barnet si oppleving av endring.

Verktøy

  1. Førebuing og gjennomføring av møte (PDF, 620 kB)

  2. Evaluering - punktliste (PDF, 521 kB)

5. Avklar vegen vidare

På bakgrunn av evalueringa de har gjort, fatt ei avgjerd om vegen vidare.

Det er tre moglege utfall av evalueringa:

  1. Tiltaket har hatt ønska effekt, det er ikkje lenger grunn til å uroe seg.
    -Avslutt loggen
     
  2. Tiltaka har effekt, men de er framleis ikkje i mål og arbeidet held fram
    eller
    de ser at tiltaka har hatt effekt, men vurderer at det kan setjast i verk andre tiltak i eiga teneste.
    Gå tilbake til Nivå 1 steg 3.
     
  3. Tiltaka har ikkje gitt ønska effekt. De ser behovet for hjelp frå eskterne tenester og drøftar vidare innsats.
    -Bestem aktuelle samarbeidspartnarar og inviter dei til møte på nivå 2 innan to veker. Hugs samtykke frå føresette eller ungdommen.

NB! Barnet har rett til å seie si meining i alt som vedkjem det, og barnet sine meiningar skal vektleggast. 

Nivå 2: Tverrfagleg innsats

1. Samarbeidsmøte - oppstart

Samarbeidsmøte - oppstart

Hent inn samtykke frå føresette og kall inn aktuelle hjelpeinstansar til eit samarbeidsmøte. 
Presenter saka og skap ei felles forståing av situasjonen. Avgjer kven som skal vere stafetthaldar vidare, med ansvar for møteleiing, referat og oppdatering av stafettloggen.

Verktøy

  1. Samtykkeerklæring (PDF, 78 kB)

  2. Samtykke til stafettlogg- ikkje sett i verk enno.

  3. Førebuing og gjennomføring av møte (PDF, 620 kB)

2. Samarbeidsmøte - planlegg tiltak

Samarbeidsmøte - planlegg tiltak

Når saka er presentert for nettverket, er neste punkt å planlegge aktuelle tiltak. Skriv tiltaka som skal gjennomførast inn i stafettloggen/arkivet. Hugs å få med kven som har ansvar for kvart einskild tiltak. 

Mål: At involverte tenester/instansar koordinerer innsatsen slik at alle arbeidar etter felles målsettingar og er kjende med kvarandre sin innsats.

Til slutt i nettverksmøtet avtalar ein tidspunkt for evalueringsmøte. 

3. Set i verk tiltak

Sett i verk tiltak

Gjennomfør avtalte tiltak på aktuelle arenaer. Bruk stafettloggen/arkivsystemet til dokumentasjon.

Førebu evalueringsmøtet. Hugs at barnet har rett til å seie si meining i alt som vedkjem det, og at barnet sine  meiningar skal vektleggjast. Avklar kven som har ansvar for å snakka med barnet/ungdommen i forkant av evalueringa, for å få vedkomande si eiga oppleving av endring.

4. Evalueringsmøte

Gjennomfør evalueringsmøte der alle involverte partar drøftar i kva grad tiltaka har ført til at barnet/ungdommen sin situasjon har endra seg. Få med barnet si oppleving av endring.

Verktøy

  1. Samtykkeerklæring (PDF, 78 kB)

  2. Samtykke til stafettlogg

  3. Førebuing og gjennomføring av møt (PDF, 620 kB)e

  4. Evalueringsmøte - punktliste (PDF, 521 kB)

5. Avklar vegen vidare

På bakgrunn av evalueringa de har gjort, fatt ei avgjerd om vegen vidare.

Det er tre moglege utfall av evalueringa:

  1. Tiltaka har hatt ønska effekt, det er ikkje lenger grunn til å uroe seg.
    - Avslutt loggen.
     
  2. Tiltaka har effekt, men de er framleis ikkje i mål og arbeidet held fram
    eller
    De ser at tiltaka ikkje har gitt ønska effekt, men vurderer at det kan setjast i verk andre tiltak innan eiga teneste.
    -Gå tilbake til nivå 2 - steg 2.
  3. Tiltaka har ikkje gitt ønska effekt. De ser behovet for hjelp frå eksterne tenester og drøftar vidare innsats.
    - Bestem aktuelle samarbeidspartar, lag tilvising/melding til desse, og kall dei inn til møte på nivå 3. Hugs nytt og utvida samtykke frå foreldre til å involvere eksterne samarbeidspartar. 

NB! Barnet har rett til å seie si meining i alt som vedkjem det, og barnet sine meiningar skal vektleggast. 

 

Nivå 3: Omfattande tverrfagleg samarbeid

1. Etabler kontakt mellom relevante tenester

Etabler kontakt mellom relevante tenester

Stafetthaldar og føresette/barn presenterer problemstillinga for øvrige tenester.
Avgjer kven som skal vere stafetthaldar i det vidare arbeidet. Vurder om det skal opprettast ein koordinator.

Stafetthaldaren sørgjer for at aktuell instansar får tilgang til stafettloggen/det som er arkivert i saka. Vurder om denne skal omgjerast til ein individuell plan.
Stafetthaldar, eventuelt koordinator har ansvar for møteleiing og referat. Avklar kven som kallar inn til ansvarsgruppemøte.

Verktøy

  1. Samtykkeerklæring (PDF, 78 kB)

  2. Samtykke til stafettlogg - ikkje sett i verk enno.

  3. Førebuing og gjennomføring av møte (PDF, 620 kB)

  4. Melding til koordinerande eining (PDF, 114 kB)

2. Ansvarsgruppemøte - planlegg tiltak

Gjennomfør ansvarsgruppemøte og planlegg tiltak

Aktuell instans legg fram plan for utgreiing/undersøking/tiltak i samarbeid med føresette/barn og aktuelle instansar.

Avklar tid og inviter til nytt møte.

3. Set i verk koordinerte tiltak

Set i verk koordinerte tiltak

Avtalte utgreiingar/undersøkingar/tiltak vert sette i verk og gjennomførte på aktuelle arenaer. Bruk stafettloggen/individuell plan til dokumentasjon av tiltaka. 

Førebu evalueringsmøte. Hugs at barnet har rett til å seie si meining i alt som vedkjem det, og at barnet sine meiningar skal vektleggjast. Avklar kven som har ansvar for å snakka med barnet/ungdommen i forkant av evalueringa, for å få vedkomande si eiga oppleving av endring.

4. Evalueringsmøte

Evalueringsmøte

Gjennomfør eit evalueringsmøte der de evaluerer den tverrfaglege innsatsen og om barnet sin situasjon har endra seg som følgje av dei koordinerte tiltaka. Få med barnet si oppleving av endring.

Verktøy

  1. Samtykkeerklæring (PDF, 78 kB)

  2. Samtykke til stafettlogg- ikkje sett i verk enno..

  3. Førebuing og gjennomføring av møte (PDF, 620 kB)

  4. Punktliste for evaluering (PDF, 521 kB)

5. Avklar vegen vidare

På bakgrunn av evalueringa de har gjort, fatt ei avgjerd om vegen vidare.

Det er to moglege utfall av evalueringa:

  1. Tiltaka har hatt ønska effekt, det er ikkje lenger grunn til å uroe seg.
    -Avslutt loggen
     
  2. Dei koordinerete tiltaka har ikkje gitt ønska effekt.
    -Sett i verk tiltak på nivå 12 eller 3.

NB! Få med barnet si oppleving av endring. Barnet har rett til å seie si meining i alt som vedkjem det, og barnet sine meiningar skal vektleggast.