Kommunenivå

Som tilsett i Sande kommune har du eit særskilt ansvar for å vere merksam på born og unge som har eller kan ha problem i kvardagen. Du har ansvar for å bidra til at det vert sett i verk tiltak som kan hjelpe den einskilde til å meistre livssituasjonen sin på ein god måte. Til hjelp i dette viktige arbeide har vi her utarbeidd verkty og system for oppfølging av den einskilde.

Nedanfor finn du lenkar til korleis vi jobbar med dette i Sande, kva handlingar vi skal gjennomføre  - Handlingsrettleiar, korleis systemet og hjelpeapparatet er oppbygt  - Samhandlingsmodellen og kva verktøy vi har utarbeidd til konkret hjelp i arbeidet - Verktøy.