Kommunale planar

Kommunale planar

Sande kommune legg gjennom ulike planar føringar for kva mål ein skal jobbe etter, kva verdisyn ein har, og korleis ein kan gje eit optimalt tilbod til innbyggjarane i Sande. I desse planane ligg også føringar for å ha fokus på og arbeide med tidleg identifikasjon og oppfølging av utsette born og unge.

Her finn du lenker til ulike planar som er aktuelle og utdrag frå planane som seier noko om dette. 

Verdidokument Sande kommune

"Verdidokumentet uttrykkjer vårt verdisyn - slik at vi både politisk og administrativt kan handle på ein måte som tener arbeidsgjevarpolitikken - og dermed både dei tilsette og innbyggjarane i Sande kommune."

"Sande kommune sin organisasjonskultur skal vere gjennomsyra av eit positivt menneskesyn. Dette sitatet skal vere leiestjerna i Sande kommune. Det uttrykkjer ei grunnleggjande haldning til enkeltmennesket, og dermed medarbeidarane i vår organisasjon."

"I Sande kommune skal ein vere oppteken av maksimal delegering i alle delar av organisasjonen. Det vil seie at ansvar og arbeid skal ligge - og verte utført så nær brukaren som råd er."

"Leiarane i Sande skal vere opptekne av utvikling og nødvendig omstilling for å gje innbyggjarane dei beste tenestene. Dette må utviklast i eit kontinuerleg samspel mellom dei tilsette ."

Verdidokumentet legg føringar og forpliktingar på dei tilsette. Sande kommune tek verdidokumentet på alvor.

Du kan lese Verdidokumentet her. (PDF, 97 kB) 

Kommuneplanen Sande kommune - samfunnsdelen

Gjeldande kommuneplan vart vedteken i 2009 og gjeld framleis. Ny kommuneplan er under arbeid, og vil vere ferdig i 2022.

Visjon:                "Sande i lag".
Visjonen legg opp til eit fellesskap som er inkluderande, likeverdig og trygt, som grunnlag for å skape trivsel og vekst for innbyggjarane. Visjonen gir innbyggjarane eit tydeleg signal om at alle skal vere ein del av eit fellesskap basert på deltaking og bidrag.

Del 1 - pkt. 6 - Oppvekst og læring
Vi vil:

  • at born og unge skal ha ein oppvekst som er forankra i trygge lokalmiljø, omsorg, og utfordringar til utvikling og læring.
  • Vi skal ha rom for alle born og unge, med blikk for den enkelte

Verkemiddel:

  • Vidareutvikle samarbeidet mellom føresette, dei kommunale tenestene og andre fagmiljø
  • Planlegge tenester, område og bygningar m.o.t. deltaking for alle.

Samfunnsdelen av kommuneplane finn du her (PDF, 8 MB).

Handlingsplan mot vald i nære relasjonar Sunnmøre 2021-2025

Sande kommune har som deltakar i eit interkommunalt prosjekt vore med å utarbeide og vedta "Handlingsplan mot vald i nære relasjonar - Sunnmøre 2021-2025". Planen vart vedteken i juni 2021, og inneheld:

  • Kunnskapsdel - informasjon om vald i nære relasjonar, ansvar, plikt, rettar
  • Handlingsdel - våg å sjå, våg å spørje, kunnskap til å handle
  • Oversikt over hjelpeapparatet - kommunale tenester, samarbeidsaktørar, nasjonale tenester og nettressursar
  • Tiltak i perioden

Pkt. 2.5.1 - Samordning av tenester
Kommunane har ansvar for å samordne tenestene sine og sørgje for at utsette for vald i nære relasjonar får heilskapleg oppfølging. Dette krev tverretatleg samarbeid, på systemnivå og i enkeltsaker. Samarbeidet må omfatte både kommunen sine eigne tenester, krisesenter, andre tilbod for valdsutsette/ valdsutøvarar og statlege tenester som politi, familievern og spesialhelsetenester.

Planen kan du lese her. (PDF, 3 MB)

Andre kommunale føringar


1. Positiv åtferd, støttande læringsmiljø og samhandling (PALS)
 

Sande kommune har vedteke at skular og barnehagar skal følgje den skuleomfattande innsatsmodellen PALS. Arbeidet med modellen skal fremme eit inkluderande læringsmiljø gjennom positiv læringstøtte for alle. Modellen er dynamisk og legg vekt førebyggjande tiltak og identifikasjon av sårbare barn. Grunnmuren i modellen er gode relasjonar. Kjernekomponentane til modellen er:

  • Gode relasjonar
  • Skuleomfattande forventningar basert på verdireglane - respekt, ansvar, omsorg
  • Lære bort forventningar og sosial dugleik
  • Oppmuntre, støtte og anerkjenne positiv atferd
  • Møte og handtere utfordrande åtferd

Her finn du meir om PALS.