Overordna samhandling

Overordna samhandling

For å gjere Sande kommune betre rusta til å møte utfordringar og barrierer som kan vere til hinder for at barn og unge får den hjelpa dei treng, er det viktig med god tverrfagleg samhandling på eit overordna nivå. Her kan ein forankre arbeidet med barn og unge, og legge føringar for det førebyggjande arbeidet. Tilsette som i det daglege jobbar med born og unge, har også her høve til å løfte problemstillingar og idear opp på eit høgare nivå. 

Leiarforum

Kommunedirektøren samlar alle sektor- og einingsleiarar til møte i leiarforum om lag fire gongar årleg. På sakskartet står  informasjon og dialog rundt sentrale styrings- og samarbeidsområde på overordna nivå: Økonomi, personalarbeid, innkjøp, digitalisering, personvern, arkiv, opplæring. Leiarforum er også ein arena for samhandling på tvers av sektorane og einingane, der dette vert sett på sakskartet, utvikla og evaluert. Det er ein arena der ein møtest på tvers til samhandling, kunnskapsdeling og til å bygge fellesskap om verdiar, forventningar og forståing av korleis ein skal løyse oppgåver på tvers i organisasjonen.

Kontaktmøte

Dette er ein formell samhandlingsarena med følgjande deltakarar: kommunedirektør, personalsjef, kommunalsjefar (etter behov), hovudverneombod og hovudtillitsvalde frå dei ulike organisasjonane. Kontaktmøtet er arena for informasjon om aktuelle saker (organisasjon, økonomi, personal og løn). Tillitsvalde melder inn saker, og der er rom for dialog og meiningsutveksling. Det er ein arena for informasjon, dialog og medverknad, og for evaluering. Gruppa samlast i snitt annankvar månad.

Sektorleiarmøte

Denne gruppa er sett saman av kommunedirektøren, helse- og omsorgssjef, oppvekst- og kultursjef, plan- og utviklingssjefteknisk sjef, personalsjef og økonomisjef. Gruppa har møte ein gong pr. veke. Dette er den viktigaste samhandlingsarenaen på etatnivå i kommunen, der alle saker i prinsippet kan verte/vert drøfta, gitt retning og evaluerte. Gruppa er styringsgruppe for BTS-prosjektet.

Ressursgruppa

Første onsdag i kvar månad møtest Ressursgruppa til samhandlingsmøte. I gruppa sit representantar for skule, barnehage, helsestasjon, kultur/ungdom, barnevern, PPT, NAV, psykolog, koordinerande eining. Her tek ein opp saker som gjeld born og unge med ein tverrfagleg innfallsvinkel. Gruppa er prosjektgruppe for BTS-prosjektet.

Du kan lese meir om Ressursgruppa her. (PDF, 462 kB)