Statlege føringar

Statlege føringar

Barnekonvensjonen

Barnekonvensjonen er den fyrste internasjonale menneskerettskonvensjonen som gir born ein spesiell juridisk status. Den stadfestar at born har menneskerettar, og krav på spesielt vern. Alle statar som har slutta seg til barnekonvensjonen, er forplikta til å følgje det som står i den. 

Den 8. januar 1991 ratifiserte Norge barnekonvensjonen. Det betyr at regjeringa og Stortinget har forplikta seg til å følgje den opp. I 2003 vart barnekonvensjonen ein del av norsk lov. 

Les meir om barnekonvensjonen på regjeringa sine sider
Heile barnekonvensjonen kan du sjå på barneombodet sine sider.

Barneombod

I 1981 fekk Noreg oppretta eit barneombod som første land i verda. Barneombodet si oppgåve er å spreie kunnskap om born og unge, og ivareta interessene og rettane deira. Ti år seinare fekk Noreg også barneminister som første land i verda. Barneministeren er den personen i regjeringa som jobbar med saker som har med born å gjere. 

På barneombodet sine sider kan du lese meir om barneombodet. 
Her kan du lese meir om kva rettar du har.

Nasjonale faglege retningslinjer for tidleg oppdaging av utsette born og unge

Målet med desse retningslinjene er å styrke oppdagar- og handlingskompetansen hos leiarar og tilsette i kommunen. Den rettar seg mot alle born og unge, med mål om å nå dei utsette. 

Retningslinjene finn du her

Andre statlege føringar