Generelt om bevarings- og kassasjonsplan

Ein bevarings- og kassasjonsplan er ei utfyllande liste over dokumentasjonen som vert produsert i kommunen. Denne planen er bygd på riksarkivaren si forskrift «Forskrift om utfyllende tekniske og arkivfaglege bestemmelser om behandling av offentlige arkiver» og tilpassa kommunen. Til dømes er alle punkt som gjeld fylkeskommunen fjerna, og det er lagt til mange nye punkt. Bevarings- og kassasjonsplanen følgjer funksjonsinndeling frå forskrifta, og er ikkje knytt opp til kven som utfører oppgåva.

Dei nye føresegnene om bevaring og kassasjon tredde i kraft 01.02.2014 og gjeld for fylkeskommunale og kommunale arkiv skapt etter 1950.

Bevarings- og kassasjonsplanen skal brukast av avdelingar og tilsette som mal på kva som skal oppbevarast og kva som kan kasserast. For det som skal kasserast er det angitt kor lenge dokumentasjonen som eit minimum skal oppbevarast før den kan kasserast.

Planen gjeld for alt arkiv i kommunen og for dei interkommunale samarbeida som kommunen er vertskommune for. Dette gjeld både for samarbeid etter kommunelova § 28 og dei samarbeida med samarbeidsavtale der kommunen er vertskommune.

Jf. Riksarkivarens forskrift §7-21 - §7-34