Organisering

Organisering av dokumentasjonsforvaltninga.

Ansvar og mynde

Kommunen er gjennom arkivlova plikta til å trygge arkiv som har kulturell eller forskningmessig vedi, eller som inneheld retsleg eller viktig forvaltningsmessig dokumentasjon. Kommunen pliktar å ta vare på dette og gjere det tilgjengeleg for ettertida.

Dokumentsenteret sine oppgåve

Dokumentsenteret har også ansvar for den daglege drifta og utvikling av kommunen sitt sak- arkivsystem Acos WebSak. WebSak gjer det mogleg med felles arkivering av kommunens dokumentproduksjon. Dette bidreg til at kommunen tek i vare sine lovpålagte oppgåver frå openheit til den einskilde sitt personvern.