Opplæring og kompetanse

Opplæring og kompetanse

Det er kommunalsjefane som har hovudansvaret for at dei tilsette i organisasjonen får tilbod om opplæring og kompetanseheving,  i samråd med personalleiar, fagleiarane og systemansvarleg. 

Digital kompetanse
Sak- arkivsystemet

For sak- arkivsystemet (Websak) er det systemansvarleg (evt arkivleiar)  som gir opplæring til nytilsette, og som sørger for jamnleg kompetanseheving i systemet. 

Arkivleiarane i 7stjerna gir tilbod om digitale oppfriskingskurs etter eigen kurskalendar. Ta kontakt med arkivleiar for å få tilsendt invitasjonar til  oppfriskingskursa.

I kursportalen Xtramile finn tilsette i Sande kommune opplæringsvideoar knytt til m.a. sak- arkivsystemet

intranett er det lagt ut manualar og oppskrifter for korleis ein brukar sak- arkivsystemet

Fagsystema

Det er systemansvarlege for kvart einskild fagsystem som har ansvaret for å gje nødvendig opplæring til alle tilsette som har bruk for det.

På intranett er det lagt ut manualar og oppskrifter for korleis ein brukar fleire av fagsystema.