Besøke Sande i sommar? Her kan du få nokre tips

Besøke Sande i sommar? Her kan du få nokre tips

Strutsely Martine SLettestøl Vil du oppleve ein fantastisk solnedgang kan du ta turen til Gjerdsvika og Strutsely.

På tur i Sande

I alle bygdelag er det merka gode turløyper med ulik lengde og utfordringar. På www.morotur.no  finn du mange gode forslag. I tillegg kan du finne karttavler og kjekke sandssokningar som gjerne gir deg gode tips om turar og aktivitetar i området.

Du kan klatre på Kvamsøya og padle frå badestranda på Larsnes, ta ekstremturen frå Hidsneset til Hidseggja, rundturen Arskotet -  Haugshornet - Gjøna, besøke "Kåken" i Oksavika eller vandre deg ein tur i Larsnesfjella.

Eller vil du sykle ein tur på Sandsøya? Besøke Dollsteinhola? - ta kontakt med Atle Beitveit( 91511134) for fleire opplysningar om hola.

 

Overnatting

Det er Sandsøya som har flest overnattingsmuligheiter.Her kan ein både leige for nokre dagar og lengre tidsrom om det er ynskjeleg. Sjå spesielt hengekøye-campen på Sandsøya.

I Gjerdsvika har vi Brekke-garden

På Kvamsøy finn du  Basseneset feriehus på Kvamsøya  og så har vi Storholmen utanfor Kvamsøya - ei øy nesten for deg sjølv.

Diktaren Inger Hagerup skreiv i si tid eit tragikomisk dikt som dei fleste reknar med er inspirert frå Storholmen, der Hagerup sin onkel var bakar:

DET BOR EN GAMMEL BAKER

"Det bor en gammel baker
på en bitte liten øy.
Han er så lei av kaker
og krem og syltetøy.
Men han må sitte likevel
og spise sine kaker selv.
For han bor helt alene
på en bitteliten øy.

Bubil-parkering  på Sandsøya og i Haugsbygda.

I kvar bygd er det gjesteplassar for båtar.

 

Badestrender

Gjerdsvika: Fin strand innerst i vikja- Sandangerstranda

Gursken: Sandvika 

Larsnes: badestrand rett ved ferjekaia i sentrum – bord og benkar- badehus med toalett og dusj.

Sandsøya: Kyrkjesanden ved Sande kyrkje

Kvamsøya: Ristesundsanden på nordsida av øya- fint til volleyball-spel også !