Innspel til budsjett 2019 og økonomiplan 2019-2022

Lønn -penger - Klikk for stort bilete Framlegget til budsjett for 2019 har no vore gjennom dei ulike råd og utval og er handsama i formannskapet. 

Budsjett 2019 og økonomiplan for 2019-2022 skal handsamast i kommunestyret 11.desember .

Forslag til budsjett 2019 og økonomiplan 2019-2022 er handsama i to formannskapsmøter – sist i møte 27. november. 

Formannskapet sitt vedtak er som rådmannen sitt framlegg  med nokre endringar i investeringsbudsjettet. Formannskapet vil auke investeringar til blant anna

  • veg- industriområdet i Gjerdsvika
  • framskunde prosjektering av kai - Gjerdsvika
  • meir midlar til brannvarslingsanlegg, veglys og grunnkjøp bustadfelt. 

Du har høve til å kome med innspel på budsjett 2019 og økonomiplan 2019-2022.

Dokumenta finn du her:

 

Du kan også få dokumenta på papir på Rådhuset. 

Innspela kan sendast inn på fleire måtar:

E-post: postmottak@sande-mr.kommune.no

Emnefelt: Budsjett 2019  

 

Post: Sande kommune, Rønnebergplassen 17, 6084 Larsnes  merk med: Budsjett 2019. 

Elektronisk skjema: Du kan gå inn her og skrive innspelet i det elektroniske skjemaet.

Frist for innspel: 11.12.2018, kl 12.00