Søke og ta imot barnehageplass

Treng du barnehageplass kan du søkje gjennom heile året.
Hovedopptaket for plass til hausten vert gjort på vårparten med søknadsfrist 1.mars.
 
  • I Sande kommune er det 5 barnehagar, ein barnehage i kvar krins.
  • Hovedopptaket for plass til hausten vert gjort på vårparten med søknadsfrist 1.mars. Opptaket vert gjort i samsvar med og  barnehagelova. Også dei som vil utvide plassen sin må søkje. I søknadsskjemaet som du finn nedanfor, er det lagt inn to opptakskriteriar. Opptaket tek omsyn til alle definerte kriterier i § 9  i vedtektene.
  • Nytt barnehageår startar 2. veka i august.
  • Etter opptak får du tilsendt eit velkomstbrev frå den barnehagen du har fått plass.
  • Oppseiingstida for plassen er 1mnd. Dersom ein seier opp plassen med datering etter 1. april, må ein betale ut barnehageåret.
  • Same regel gjeld for oppseiing av deler av plassen. Dersom ein ikkje betalar for plassen, kan plassen bli oppsagt.

 

Kven kan søkje ?

§ 12 a.Rett til plass i barnehage - Lov om barnehagar

 

Kva kostar det?

Betalingssatsar barnehage frå 01.01.20
Betalingssatsar barnehage frå 01.01.20
100 % 80% plass 60 % plass Ekstra dag For sein henting pr påbegynt halvtime
kr 3135 kr 2508 kr 1881 kr 250 kr 130
Mat 100 % plass Mat 80 % plass Mat 60 % plass
kr 365 kr 292 kr 219

Syskjenmoderasjon er:
30 % for 2. barn
50 % for 3. barn

Kr 2 990,00 pr mnd er den nasjonale maksprisen for barnehageplass.
Betaling for 11 mnd pr år.
 
 

Redusert foreldrebetaling for barnehageplass

I samsvar med forskrift for foreldrebetaling i barnehage, kan du søkje om redusert betalingssats dersom den samla inntekta til hushaldninga ikkje overstig kr 533 500,-

Søknad med dokumentasjon (likningsattest) må sendast til Sande kommune.

Korleis søkjer eg på barnehageplass?

Du søkjer elektronisk her.

Når får eg svar?

Vi vil handsame søknaden din så fort som råd. Ved søknadar utanom hovedopptak vil du få eit svar innan 3 veker.

Ved hovedopptak  går det normalt 4 veker før du får svar.

Svare på om vi tek imot barnehageplassen

Foreldre må gi melding om ein takkar ja til plassen ein har fått tildelt. Den som har fått tildelt plass, har sju dagar svarfrist til å takke ja til barnehageplassen.

Tildelinga gjeld fram til skulestart, eller til plassen vert sagt opp etter dei retningslinene som er gitt i vedtektene. Vi tek atterhald om endringar i prisar, tilbod og vedtekter.

Vi gjer merksam på at søkjarar som ikkje har fått plass i den barnehagen dei hadde som førsteval, kan stå på venteliste her, sjølv om dei er tildelt plass i ein annan barnehage.

Vi gjer merksam på klageretten de har med bakgrunn i Barnehagelova: "Søkjar kan klage over avslag på søknad og dersom han ikkje har fått verken 1. eller 2. ynskje oppfylt". Klagefristen er 3 veker etter at de har motteke svarbrevet.

Her er lenka du skal bruke når du skal svare.

Kontakt

Elin Almestad
konsulent
E-post
Mobil 473 77 895