Informasjon om samarbeid med skule

INFORMASJON OM SAMARBEID MELLOM PPT OG SKULE
 

 «….Tenesta skal hjelpe skolen i arbeidet med kompetanseutvikling og organisasjonsutvikling for å leggje opplæringa betre til rette for elevar med særlege behov. Den pedagogisk-psykologiske tenesta skal sørgje for at det blir utarbeidd sakkunnig vurdering der lova krev det. Departementet kan gi forskrifter om dei andre oppgåvene til tenesta.» jmf. opplæringslova § 5-6

 

PPT samarbeider med skulen for å legge til rette for at elevar skal ha eit trygt og godt skulemiljø samt eit tilfredstillande utbytte av undervisninga.

« …skolen skal ha vurdert og eventuelt prøvd ut tiltak innanfor det ordinære opplæringstilbodet med sikte på å gi eleven tilfredsstillande utbytte før det blir gjort sakkunnig vurdering…» i tråd med opplæringslova § 5-4.

PPT arbeider på organisasjons-, klasse- og individnivå. Skulen kan ha behov for rettleiing og støtte i einskilde saker. Det kan vere vurdering av skulemiljø, klassemiljø, elevgrupper eller enkeltelevar si læring og utvikling fagleg eller sosialt. Dei kan då be om konsultasjon med PPT.

 

Konsultasjon med PPT

-med tanke på utprøving av tiltak for å betre skulemiljøet og/eller læringsutbyttet

 

I følgje prosedyre for å ivareta behovet til den einskilde elev i kommunen, punkt  5, skal ein nærare vurdere å setje i verk tiltak for elevar som treng tilpassing/ekstra oppfølging. PPT legg til rette for to konsultasjonsøkter, den første innan eit par veker.

 

Ved problem knytt til læringsmiljø, tek vi utgangspunkt i problemløysingsmodellen. Målet er å belyse utfordringar ut i frå ulike perspektiv og i lag reflektere kring løysingar og tiltak. Ved utfordringar knytt til eleven sitt læringsutbytte tek ein utgangspunkt i vurdering av skulen si kartlegging, kompetansemål og fagplanar. Konsultasjon kan også nyttast som observasjon av klassa/lærar med tilbakemelding i høve bestilling.

 

Gjeld saka skulemiljø er det viktig med eit godt samarbeid med foreldra, derfor rår vi at skulen informerer foreldra om samarbeidet med PPT. I saker med einskildelevar oppmodar vi om at skulen innhentar samtykke, viser til skjema for konsultasjon.

 

For at skulen skal ha nytte av konsultasjonen må dei ha analysert og vurdert tidlegare utprøvde tiltak, både fagleg og sosialt, jmf. kommunen sin kartleggingsplan. 

 

Har skulen framleis bekymring for eleven sitt utbytte fagleg og/eller sosialt, kan dei i samråd med foreldra be PPT om sakkunnig vurdering, viser til eige skjema for tilmelding.

 

 

Melding om behov for sakkunnig vurdering
 

I følgje opplæringslova § 5-1 «…har elevar som ikkje har eller som ikkje kan få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet, rett til spesialundervisning. I vurderinga av kva for opplæringstilbod som skal givast, skal det særleg leggjast vekt på utviklingsutsiktene til eleven. Opplæringstilbodet skal ha eit slikt innhald at det samla tilbodet kan gi eleven eit forsvarleg utbytte av opplæringa i forhold til andre elevar og i forhold til dei opplæringsmåla som er realistiske for eleven.»

 

Dersom det er bekymring knytt til einskildelev og det er ønskeleg med utgreiing ber ein om sakkunnig vurdering, jmf. punkt 11 i kommunen si prosedyre. Bruk skjemaet «Melding om behov for sakkunnig vurdering».

Ved tilmelding vil PPT sende ut ytterlegare informasjon om saksgangen og eventuelt skjema som skal fyllast ut før oppstartmøtet.

PPT har som mål å utarbeide ei sakkunnig vurdering i løpet av 3 mnd.

 

Føresette kan også på eige initiativ be om sakkunnig vurdering uavhengig av skulen sine rutinar.

 

 

BRUK EIT AV DEI TO SKJEMA NEDANFOR:
 

Ved behov for konsultasjon, bruk skjemaet

 

Ved behov for sakkunnig vurdering, bruk tilmeldingsskjemaet. (PDF, 96 kB)