PPT

PPT står for pedagogisk-psykologisk teneste, ei teneste for barn og vaksne med særlige opplæringsbehov. Elevar i vidaregåande nyttar PPT-tenesta i den kommunen der skulen ligg. Vanylven vgs er avd for Herøy vgs.


PP-tenesta er heimla i barnehagelova og opplæringslova.

For å sikre tilfredstillande utvikling og utbytte er PPT sine oppgåver:

  1. Organisasjonsutvikling
  2. Kompetanseutvikling
  3. Sakkunnig vurdering

PPT skal sørge for sakkunnig vurdering der lova krev det før kommunen fattar vedtak om spesialundervisning eller spesialpedagogisk hjelp.

Kven kan ta kontakt med PPT?
 

Eleven sjølv, foreldre, barnehage eller skule kan ta kontakt med PPT .

Det mest vanlege er at tilmeldinga skjer i samarbeid med skule/ barnehage..

PPT er ei rådgjevingsteneste som er frivilleg, og tilmelding på det einskilde barn er alltid i samråd med foreldre.

PPT kan yte tenester i høve kartlegging og utgreiing av funksjons- og lærevanskar, rådgjeving knytt til pedagogiske tiltak og rettleiing til foreldre, barn og ungdom.

Kontakt info: 

Telefonliste PPT for Sande og Vanylven
Telefonliste PPT for Sande og Vanylven
PPT kontoret PPT-leiar
70026785 48894850

Kva kostar det ?

Tenesta er gratis.


Korleis søkjer eg?

Tilmelding til PPT kan du ordne sjølv på dette  tilmeldingsskjemaet.

Skulen eller barnehagen kan og ta kontakt med deg for å hjelpe deg med tilmeldinga.

 

Kva skjer vidare?

PP-tenesta skal sørge for at det blir utarbeida sakkunning vurdering der lova krev det:

  • for elevar som treng spesialundervisning eller førskulebarn som treng spesialpedagogisk hjelp
  • ved framskynda og utsett skulestart
  • ved fritak frå opplæringsplikta etter opplæringslova § 2-1
  • ved rett til teiknspråkopplæring for elevar og førskuleborn etter oppl lova 2-6 og 3-9
  • for særskilte rettigheiter for blinde og sterkt svaksynte elevar §§ 2-14 og 3-10
  • for rett til særskilt valt utdanningsprogram etter oppl.lova § 3-1


Vi innhentar opplysningar om barnet ved å:

  • samtale med barnet sjølv og samtale med foreldre
  • samtale med barnehage/ skule
  • observere barnet i ulike situasjonar
  • teste barnet med ulike testar, alt etter type vanskar

Vi gir tilbakemelding til foreldre/barn og barnehage/skule om kva slags kunnskap kartlegginga har gitt oss.
 

Kva tiltak er aktuelle?

Det kan vere ulike tiltak som kan vere aktuelle i ulike situasjonar:

  • rettleiing/ tilråding om tilrettelegging for meistring i barnehage/skole
  • rettleiing til heimen
  • vidaretilvisning til 2. linjetenester
  • samarbeid med andre lokale instansar

Kontakt

Margunn Rekdal
leiar PPT for Sande og Vanylven
E-post
Telefon 70 02 67 85
Mobil 488 94 850
Eli Rekdal
PP-Rådgjevar
E-post
Telefon 70 02 67 85
Mobil 971 97 417
Rigmor Anette Larsen
PP-rådgjevar
E-post
Telefon 70 02 67 85
Mobil 908 13 226
Reidun Auflem Vik
konsulent
E-post
Telefon 70 02 67 25