Redusert foreldrebetaling i SFO

Frå 01.08.2020 er det endring i forskrifta vedkomande foreldrebetaling for SFO-plass. Endringa gjeld høve til redusert foreldrebetaling for elevar på 1. og 2. årstrinn og gratis SFO for barn med særskilde behov på 5.-7 årstrinn.

 
Endringa gjeld foreldrebetaling for husstandar med låg inntekt.  Frå 01.08.2020 skal ingen familie betale meir enn 6 % av inntekta til hushaldet.

I endringa til forskrift til opplæringslova står det i §1B-1:

«Kommunen skal etter søknad gi reduksjon i foreldrebetalinga for skulefritidsordninga på 1. og 2. årstrinn slik at den pr. elev utgjer maksimalt 6 % av inntektene til hushaldet, dersom:

a) foreldrebetalinga for eitt skuleår utgjer meir enn 6 % av inntektene til hushaldet det siste året, eller

b) det er ein varig nedgang i inntektene til hushaldet inneverande år som gjer at foreldrebetalinga for eitt skuleår utgjer meir enn seks prosent av inntektene til hushaldet.

Vedtak om redusert foreldrebetaling gjeld frå første heile månad etter at søknad med nødvendig dokumentasjon er registrert, og ut skuleåret.

Føresette må difor sende ny søknad kvart skuleår, med ny dokumentasjon for inntekt. 

Betaling for kost kjem i tillegg.

Her er heile forskrifta om foreldrebetaling

Søknaden

Ein kan søkje heile året. Vedtak om redusert foreldrebetaling gjeld frå første heile månad etter at søknad med nødvendig dokumentasjon er registrert.  Søknaden skal sendast inn via søknadsskjema på heimesida til kommunen.  Det er kommunen der barnet er folkeregistrert, som skal handsame søknaden. Føresette må sende ny søknad kvart skuleår, med ny dokumentasjon av inntekt. 

Her finn du søknadsskjemaet.

Krav til dokumentasjon

Siste skattemelding må leggast ved søknaden. Dersom denne ikkje kan leggast fram, kan søkjar legge fram anna gyldig dokumentasjon som t.d.:

  • Vedtak frå NAV
  • Dokumentasjon frå arbeidsgivar som viser vesentlig endring i lønn
  • Siste lønnsslipp

NB! Det er viktig at all skattbar inntekt er med. Søknaden vert ikkje handsama før dokumentasjon på lønn/ inntekt ligg føre.

Moderasjonsordningar for barn med plass i SFO

  • Syskenmoderasjon. Det vert rekna 30 % moderasjon for barn nr. to og 50 % moderasjon for barn nr 3.
  • Redusert foreldrebetaling for husstandar med lav inntekt
  • Gratis SFO for barn med særskilde behov på 5.-7.trinn

Handsaming og kontroll av søknaden

Kommunen kan, utan hinder av teieplikta, innhente grunnlaget for siste fastsetjing av formue- og inntektsskatt for hushaldet frå skattestyresmaktene for å dokumentere inntektene til hushaldet for det siste året, jf. skatteforvaltningsforskriften § 3-3-1 andre ledd bokstav a. Kommunen kan innhente slike opplysningar og gjere nye vedtak om redusert foreldrebetaling i heile den tida søknaden gjeld.

Med hushald meiner ein i dette kapittelet ektefellar, registrerte partnarar og sambuarar. Som sambuarar reknar ein to ugifte personar over 18 år som bur saman, og som har budd saman i eit ekteskapsliknande forhold i minst 12 av dei siste 18 månadene, eller har felles barn. Dersom søkjar er sambuar utan felles barn, må søkjar opplyse kommunen om dette.

Med inntektene til hushaldet meiner ein i dette kapittelet hushaldet si samla brutto personinntekt etter skattelova kapittel 12 og skattepliktig kapitalinntekt.

Dersom foreldra til barnet bur kvar for seg, og barnet bur fast hos begge foreldra, er det inntekta til hushaldet til den forelderen som har same folkeregistrerte adresse som barnet, som skal leggjast til grunn i vurderingane etter denne føresegna.

Dersom grunnlaget for siste fastsetjing av formues- og inntektsskatt for hushaldet ikkje kan utleverast av skattestyresmaktene, og kommunen av den grunn ikkje klarer å fatte vedtak før 1. august, skal kommunen be søkjar om å levere skattemeldinga for det siste året og eventuell skattepliktig kapital- eller personinntekt som ikkje er førehandsutfylt.

Gratis SFO for barn med særskilde behov på 5.-7.trinn

I forskrift om endring til opplæringslova § 1B-3 står det:

  • Gratis skolefritidsordning for barn med særskilde behov på 5.–7. årstrinn
  • Kommunen skal ha eit tilbod om skolefritidsordning for barn med særskilde behov på 1.–7. årstrinn, jf. opplæringslova § 13-7 første ledd. Tilbodet på 5.–7. årstrinn skal vere gratis.
  • Kommunen kan likevel krevje betaling for kost.

Omgrepet born med særskilde behov vert definert som born med store og omfattande hjelpebehov, dvs. varige funksjonsnedsettingar som medfører omfattande og vedvarande behov for bistand.