Søkje om plass i skulefritidsordninga

Alle skulane i Sande har tilbod om skulefritidsordning.

Tilbodet er ulikt frå skule til skule, alt etter kor mange som har søkt og kva behov foreldra har.

15.april er søknadsfristen for SFO-plass ved skulane i Sande. Du kan også søkje om å få plass/ endre plass utanom fristen, men skulen må ha budsjettdekning for å endre tilbodet i skuleåret.


Skulefritidstilbodet følgjer 

 

Skulefritidstilbodet skuleåret 2018/ 2019 

På Sandøy og Kvamsøy er det dette skuleåret ikkje behov skulefritidsordning. 

SFO på Larsnes skule opnar kl 07.15 kvar dag, utanom på tysdagar, då opnar vi kl 07.00. Vi stenger kl 16.15 kvar dag utanom på måndag og onsdag, då stenger vi kl 16.30.- tlf 70026324

SFO Gursken  opnar kl 7.30 kvar dag og held ope til 16.30. - tlf 98666260 

SFO Gjerdsvika opnar kl 7.00 og  stenger 16.30. Tilbodet er samordna med barnehagen - tlf 91176714 

 

Vedtekter

Her finn du Vedtektene for skulefritidsordninga i Sande (PDF, 27 kB)

 
 

Kva kostar plass på skulefritidsordning?

Skulefritidsordning - 2019
Opphaldstid Pris pr mnd
inntil 8 t/ v 1160,00
inntil 12 t/ v 1740,00
inntil 15 t / v 2175,00
inntil 20 t / v 2900,00
Mat kr 12,- pr ettermiddag
Betaling for 10 mnd pr år
Søskenmoderasjon:
30 % for 2.barn
50 % for 3. barn
 

Korleis søkjer eg?

Her finn du det elektroniske søknadsskjemaet

Søknadsskjemaet krev innlogging med id-porten. Dersom du ikkje har id-porten, eller er folkeregistrert i anna kommune, må du ta kontakt med Sande kommune på tlf 70026700 , så hjelper vi deg.

Søknaden gjeld for eitt år om gongen. 

Når får eg svar?

Vi vil behandle søknaden din så fort som råd. Du får svar innan 4 veker.

 

 

Kontakt

Øystein Jarl Johansen
oppvekst- og kultursjef
E-post
Mobil 992 91 522