Flyktning

Kva er ein flyktning?

Ein flyktning er ein person som anten har fått ferdigbehandla søknaden sin om asyl og fått opphald i landet, eller som kjem til Norge gjennom FN si ordning med kvoteflyktningar, oftast rett frå flyktningleir. Det er altså personar som er klar til å bli integrerte, lære norsk og ta del i samfunns- og arbeidsliv.

Kva er flyktningtenesta ?

Flyktningtenesta buset og yter tenester for flyktningane, spesielt i den første tida etter at dei er komne til kommunen. Sande kommune vedtok i 2015 å ta sitt tak med omsyn til den auka flyktningstraumen, og tok til å busette dei første flyktningane i november same år.

Sidan den gong har fleire blitt busett, og ein del av dei har også fått familiane sine hit gjennom ordning med familiesameining.

Arbeidet med å følgje opp flyktningane fylgjer prinsipp om sektoransvar, det vil seie at dei einingane som yter tenester til ein vanleg innbyggar i Sande, yter tenester til flyktningane på lik linje. Dei tenestene som er spesielle for flyktningar, er det flyktningtenesta som følgjer opp.

 

Kva oppgåver har flyktningtenesta? 

Tenesta har ansvar, eller delansvar for

  • framskaffing av bustader 
  • for opplæring og kvalifisering 
  • for opplæring i bustad 
  • generelt miljøarbeid
  • administratiivt ansvar både inn mot dei folkevalde og mot relevante statlege instansar, som Utlendingsdirektoratet (UDI), Politiet og Integrerings – og mangfaldsdirektoratet.

Flyktningtenesta skal også vere eit knutepunkt og ein stad å henvende seg for øvrige einingar i den kommunale verksemda, for informasjon, veiledning eller samarbeid for å løyse oppgåver som går på tvers. Tenesta forvaltar også introduksjonprogrammet for nyankomne flyktningar, og fattar vedtak kring den einskilde deltakaren. Vaksenopplæringa ved  Gursken oppvekstsenter har ansvar for størstedelen av opplæringa.

Her er søknadsskjema- påmelding til norskopplæring med samfunnskunnskap

 

Kvalifisering:

Medan barn og unge går inn i barnehage og grunnskule, har flyktningar over 18 år rett og plikt til å ta del i introduksjonsordninga.

Dette er eit program som skal syte for å kvalifisere flyktningen til vidare utdanning eller arbeid. Norsk og samfunnsfag er grunnleggande element, i tillegg har ein språk – og arbeidspraksis, og andre relevante fag, alt etter behovet til kvar einskild, og kva flyktningen har av kompetanse frå før. Introduksjonsprogrammet har ei varigheit på inntil 2 år, med moglegheit for å forlenge med eit tredje. Det er eit heilårsprogram, der deltakaren har 5 veker ferie, fører timelister, har eigenmeldingar og søkjer permisjon slik som vanlege arbeidstakerar. Dette for å kunne førebu deltakaren best mogleg til arbeidslivet.

Du kan lese meir om introduksjonsordninga og lovverk her. 

 

 

Kontakt

Therese Moe Øye
flyktningkonsulent
E-post
Mobil 944 98 788