Når alle andre inntektsmoglegheiter er utnytta fullt ut, men ikkje strekk til, kan ein ha rett på økonomisk sosialhjelp. Størrelsen på stønaden og kva anna hjelp og oppfølging du kan få, skal vurderast individuelt og skjønnsmessig ut frå kva slags behov du har. Økonomisk stønad vert ofte gitt i kombinasjon med råd og rettleiing.
Korleis søkjer eg?
NAV Hareid-Ulstein-Sande ynskjer å få digitale søknadar på sosialhjelp. Dersom du ikkje har moglegheit til å søke digitalt kan du nytte papirskjema. Ver merksam på at det ofte er behov for vedlagt dokumentasjon for behandling av søknad. Detaljar på kva dokumentasjon dette gjeld finn du i skjemaet eller http://www.nav.no/sosialhjelp
Søkje digitalt
Her finn du eit elektronisk søknadsskjema
Søkje på papir
Her finn du søknadsskjemaet du skal bruke (PDF, 163 kB). Last ned, skriv ut, fyll ut og send inn.