Dispensasjon

Dispensasjon

Når du skal søkje om å bygge, er det ulike lovverk og planar som set ramme for kva du får lov til på din eigedom. Sjekk om du treng dispensasjon før du søkjer.

Du kan søkje om dispensasjon frå

  • Avstandskravet til nabogrense
  • Kan ha med dispensasjon frå avstand til veg (fylkesveg 50 m og kommunalveg 15 m)
  • Gesims- og mønehøgde
  • Avstand til sjø og vassdrag (strandsona på 100 meter)
  • Krav om reguleringsplan
  • Arealplan og reguleringsplan (vedtekter, byggegrense, grad av utnytting på tomta, fomål i plan, grenser for høgde
  • Andre reglar i plan- og bygningslova
  • Teknisk forskrift
  • Anna 

Om du er usikker på om du må søkje dispensasjon, ta kontakt med kommunen.

Informasjon om din eigedom finn du i kartet  og du må også orientere deg om kva eventuelle reguleringsføresegner seier. Ta kontakt med kommunen om du lurer på noko. 

 

Kven kan søkje?  

Er du eigar av ein eigedom og vil bygge noko, kan du levere søknad om dispensasjon.

Kva kan du forvente?

Du kan forvente at saka di vert handsama etter gjeldande lover og reglar. 

Det er viktig å vite at dispensasjon er eit unnatak.  Det er strenge vilkår for at ein kan gi dispensasjon.

For det fyrste kan ein ikkje gi dispensasjon dersom omsynet bak regelen det dispenserast frå, eller lova sin føremålsregel, vert vesentleg tilsidesett. I tillegg må det vere klart større fordelar enn ulemper ved ein dispensasjon. Er desse to vilkåra innfridd  kan  kommunen velje å gi dispensasjon.  

 

Kva kostar det?

Saker med høyring er saker der kommunen sender din søknad til andre for uttale. Som for eksempel landbrukskontoret, fylkesmannen, kystverket, m.m

Dispensasjonssøknadar - pris 2024
Administrativ handsaming utan behov for høyring Administrativ handsaming med høyring Politisk handsaming utan høyring Politisk handsaming med avgrensa høyring Politisk handsaming med full høyring
2330 4320 5860 7850 12790

Satsen er inkl. mva, og i kroner. 

Korleis får du tenesta/ korleis søkjer du?

Søknad om dispensasjon sender du i eige brev.  

Søknaden må vere grunngjeven. 

Søknad om dispensasjon kan sendast inn saman med byggesøknad.

Du kan nytte same nabovarsel som ved byggesøknad.

 

Når får eg svar?

Vi vil handsame søknaden din så fort som råd innan for gjeldande lovverk.

 

Nyttig lenke:

Plan og Bygningslova

Kontakt

Trond-Fredrik Hoddevik
byggesaksbehandlar
E-post