Nabovarsel

Nabovarsel

Skal du utføre søknadspliktige byggetiltak vert det stilt krav nabovarsling. Naboar og gjenbuarar skal varslast før søknad om tiltak vert sendt til kommunen.

Når nabo-eller gjenbuareigedom er ei festa tomt (matrikulert festeeining), skal både eigar og festar varslast.

Du kan gi nabovarsel på tre måtar; enten ved e-post, personleg oppmøte eller ved rekommandert sending. Du vel sjølv på kva måte du ynskjer å varsle.

Hugs på at dersom du vel å varsel med epost skal mottakar sende kvittering på at dei har motekk og lest e-posten. eit automatisk generert svar er ikkje tilstrekkeleg. 

Kven må du varsle?

Før du sender inn ein søknad om å bygge noko på ein eigedom, må du varsle naboar og gjenbuarar og gi dei høve  til å uttale seg.

  • Ein naboeigedom har felles grense med den eigedomen du skal bygge på
  • Gjenbuareigedomar ligg på den andre sida av  eit ope areal, for eksempel ein veg, parkeringsplass, leikeplass, friareal og likande.

NB! Både eigarar av bebygde og ubebygde eigendomar skal varslast. Dersom det er registrert fleire eigarar, skal alle varslast. 

For sameige, seksjonar eller fellesareal må du varsle styret, ved for eksempel styreleier. Er det ikkje valgt styre, må du varsle alle medeigarar.

Dersom naboeigedomen er eigd av kommunen, skal du kontakte Sande kommune for å få samtykke.

 

Kva skal et nabovarsel innehalde?

  • Fylt ut skjema "nabovarsel" 

  • Målsette tegninger. Målsett snitt-teikning og fasadeteikningar skal leggast ved.

  • Situasjonskart med innteikna tiltak

  • Opplysningar om dispensasjon (dersom du søkjer om dispensasjon)

    • Kva bestemmelse du søker dispensasjon fra

    • Begrunning for søknad om dispensasjon.

Tre forskjellige blanketter

Blanketten Nabovarsel skal sendast til naboane, medan Opplysningar gjeve i nabovarsel og Kvittering for nabovarsel skal sendast til Plan- og bygningsetaten saman med søknaden.

 

Korleis varslar du?

Naboane skal få sjå teikningar og situasjonsplan som viser kva du skal gjere og opplysningar om ein eventuell dispensasjon.  Du kan også kontakte Servicekontoret - tlf 70026700 for å få naboliste.

Før du gir nabovarsel vidare til kvar enkelt nabo/-gjenbuer, fyller du ut blankettane Opplysningar gjeve i nabovarsel  og Kvittering for nabovarsel. Disse brukar du for å dokumentere overfor kommunen kven som er nabovarsla, når dei er varsla og kva dei har fått varsel om.

Deretter fyller du ut skjema Nabovarsel i eitt eksemplar til kvar nabo/gjenbuer.

Så vel du korleis du skal levere nabovarsel. 

Nabovarselet kan gis på tre måter:

  • Personleg oppmøte. Vel  du å overlevere personleg skal nabo/ gjenbuer krysse av, datere og signere på Kvittering for nabovarsel for at varselet er motteke. Krysset skal være i feltet for Varsel er mottatt. Dersom nabo / gjenbuer i tillegg kryssar av i feltet for Samtykker i tiltaket betyr det at nabo/ gjenbuer allereie no seier at vedkomande ikkje har noko å merke til det du skal gjere (NB! Dersom naboen din ikkje krysser i feltet for Samtykker vil kommunen vente 14 dager for å kunne behandle saken).

  • Ved sending via e-post. Vel du å sende varselet elektronisk, kan dette gjerast for eksempel som e-post om du kjenner nabo/ gjenbuars e-postadresse. For at varslinga skal være gyldig må nabo/gjenboer svare at e-posten er mottatt. (Automatisk generert svar er ikkje nok.) Utskrift av svarmailen fra nabo må leggast ved. Kvittering for nabovarsel. Etter at varsla er sendt, skal naboane få minst 14 dagar til å uttale seg om tiltaket. Naboane skal sende sine uttalelsar (merknader) til ansvarleg søkjar. 

  • Rekommandert sending. Vel du å sende varsel som registrert postsending til ein eller fleire naboar/gjenbuar, skal det kvitterast frå posten for at dette er gjort. Postkontoret signerer for dette, samtidig som et gult kvitteringsmerke blir limt  på blanketten Kvittering for nabovarsel

Disse tre metodane kan kombinerast. Når du sender inn byggesøknaden til Sande kommune, skal du legge ved naboen sine merknadar, ei kvittering for nabovarsling som viser kven som har motteke varsel, og opplysninger gitt i nabovarsel.

 

Kva når nabovarsel er levert?


Naboer og gjenbuarar skal ha minst 2 vekers frist til å kome med eventuelle merknadar. Fristen gjeld frå varselet er sendt og grunnlagsmaterialet er gjort tilgjengeleg, til søker mottek eventuelle merknadar. Om naboar og gjenbuarar har merknader, skal dei sende desse skriftleg til søkar. Om du som søkar mottek merknadar skal du sørge for at desse blir vurdert før søknaden blir sendt til  kommunen. Som søkar skal du gjere greie for eventuelle merknadar og vurdering av desse når du sender søknaden til kommunen. Ver merksam på at eventuelle endringar av prosjektet som følge av nabomerknadar kan føre til at det er nødvendig med ny nabovarsling. Søknaden kan uavhengig av merknadar eller ikkje, først sendast til kommunen etter at fristen for å komme med merknadar har gått ut.

 

Du treng ikkje varsle om mindre endringer

Hovedregelen er at du alltid skal varsle om byggearbeid. Du treng likevel ikkje å varsle når naboane i liten grad blir berørt. Dette gjeld for eksempel:

  • når du kun skal gjere innvendige arbeid

  • når det er store avstandar til næraste nabo

  • når du skal gjennomføre mindre utvendige tiltak som naboen ikkje kan sjå frå sin eigedom

Kor lenge er nabovarsling gyldig?

Nabovarslingen er gyldig i eitt år. Dersom søknaden ikkje er sendt kommunen innen eitt år etter varslinga, må du varsle på nytt.

Dersom du skal bygge nærare nabogrense enn 4 meter

Frittståande bod, uthus, garasje og liknande bygg under 50 m2 med maksimalt 3 m gesimshøgde og 4 m mønehøgde som ikkje skal brukast til bustad kan byggast inntil ein meter frå nabogrense.

Andre bygg som tilbygg til bustad eller bygg som skal brukast til bustad – anneks og liknande – skal ha 4 meter avstand til nabogrense. Det kan søkast om å bygge nærare nabogrensa, men då må ein avtale med naboen det skal byggast inn mot. Det er krav til minst 8 meter avstand mellom bustadbygningar. Difor må naboen gå med på at du set ditt bygg nærare og naboen må vere klar over at dette medfører at bustadbygg på hans eigedom ikkje kan kome nærare grensa en at det blir 8 meter mellom bygningane. 

Her er eit skjema som kan nyttast for å gjere ein avtale med naboen. (PDF, 690 kB)

Fleire opplysningar finn du i Byggeteknisk forskrift (TEK 17 § 11-6. Tiltak mot brannspreiing mellom byggverk).

 

Riving

Gjeld søknaden riving skal søkaren varsle og dokumentere at dei som eventuelt har pengeheftelsar i eigendomen, er varslet om søknaden.

Vil du lese mer om nabovarsel se NKFs veileder eller sjå på DiBK sitt hjemmeside.

Kontakt

Trond-Fredrik Hoddevik
byggesaksbehandlar
E-post