Riving

Riving

Dersom du skal rive eit bygg eller delar av eit bygg på eigedomen din, er det viktig du set deg inn i kva du må gjere før du startar rivinga.

Husk at du sjølv har ansvar for å sjekke at det du skal bygge ikkje kjem i strid med plan- og bygningslova, gjeldande planar eller anna regelverk. Dette kan også påverke om du må søkje om riving eller nytte firma til å søkje.

Rive utan å søkje:

Du kan sjekke om tiltaket ditt er nevnt i rettleiaren :Dette kan du bygge uten å søke kommunen om tillatelse». Dersom det er lov å bygge utan å søkje, kan du også rive.

 

Søkje sjølv

Der du kan søkje sjølv om  å bygge, kan du søkje om å rive. Finn du tiltaket ditt i lista over det du kan søkje om sjølv kan du levere søknad om riving.

Meir informasjon om kva du kan søkje om sjølv finn du på nettsida til Direktoratet for byggkvalitet og i søknadspakken til kommunen.

Søkje med hjelp av fagfolk

For alle større rivetiltak må du ha eit ansvarlig føretak til å stå for søknaden.

Før igangsetting må nødvendig prosjektering vere gjennomført.

Søknaden må utformast av eit firma som har kompetanse til å gjennomføre ein søknadsprosess (ansvarlig søkjar). Det kan for eksempel vere ein byggmeister, entreprenør eller arkitekt. 

Alle firma må ha erklært ansvarsrett for sine fagområder.

Spesielt for riving

  • Teikne eit kryss (X) på situasjonsplanen over bygget som du søkjer om å rive.
  • Send inn teikningar eller foto som viser bygget.
  • Det må opplyse om føremålet med rivinga og korleis tomta skal opparbeidast etter rivinga.
  • Send inn erklæring/stadfesting på at dei som har pengeheftelse i eigendomen er varsla, senast ved søknad om igangsettingsløyve.
  • Send inn stadfesting  på at bygget er fråflytta, seinast ved søknad om igangsettingsløyve.

Viktig å huske

  • Kvitte seg med avfallet på ein miljøriktig og lovleg måte.
  • Rivearbeid skal sikrast i samsvar med plan og byggningslova  § 28-2.
  • Kontakt kommunen om bygget er av eldre dato.
  • Kontakt kommunen i forbindelse med plombering av VA-leidningar (plombering krev rørleggamelding til VA-drift).
  • Kontakt andre leidningseigarar for leidningar  i lufta eller i grunnen (f.eks. telefon, breiband, vatn).

 

Kva kan du forvente?

Du kan forvente at søknaden vert handsama innanfor gjeldande lovverk utan ugrunna opphald.

Kva kostar det?

Riving - prisar 2024
Størrelse på bygg Grunnbeløp
Riving av bygg og anlegg inntil 100 m2 2890
Riving av bygg og anlegg over 100 m2 5640

Alle satsar er inkl mva, og alle beløp i kroner.

Korleis søkjer du?

Skal du søkje om riving gjer du dette i skjema

Tiltak- søknad om løyve til tiltak utan ansvarsrett.

eller

Tiltak - søknad om løyve til tiltak med ansvarsrett.

Husk å sende med dokumentasjonen som skal vere med søknaden.

Kommunen vil kontrollere om bygninga er SEFRAK-registrert ( verneverdig).

Er bygninga verneverdig , må riving godkjennast av kulturavdlinga i fylkeskommunen.

Når kan du vente svar?

Vi vil handsame søknaden din så fort som råd. Du får svar innan 3 veker.

 

Nyttige lenke:


Plan og bygningslova   Forskrift om byggesak

Kontakt

Trond-Fredrik Hoddevik
byggesaksbehandlar
E-post