Deling av eigedom

Deling av eigedom

Når du skal søke om å opprette ein ny eigedom eller dele frå ein eigedom er det viktig at vi får all den informasjonen  vi treng for å handsame søknaden din.

Slik søkjer du

Teikn inn på kart i målestokk 1:500 eller 1:1000 slik  du  tenkjer at den nye tomta skal sjå ut.  Du kan frådele  fleire parsellar samstundes. Det er viktig at du målset godt og merkar dei med parsell 1,2 osv.

Lenke til kartet finn du her

Her finn du søknadsskjema som du må fylle ut. (PDF, 255 kB)

Sjekk kva status eigedomen har i kommuneplan/ reguleringsplan.  Det er viktig at dersom du skal dele frå ei tomt at den er avsett til formålet den er tenkt nytta til.I kommuneplan og reguleringsplan finn du bruksformålet til eigedomen din.

Dersom den ikkje er det, må du søkje om dispensasjon i eige skriv.

Det er grunneigar som kan søke om frådeling.  Dersom nokon annan skal søke, må dei ha fullmakt frå grunneigar. Denne må ligge ved søknaden. 

Alle naboar må ha nabovarsel.  Naboar er eigarar/festarar av eigedom som grensar til eigedomen din.  Gjenbuar  er naboen som  er eigar/festar av eigedom på andre sida av vegen.

Naboliste kan du få ved å kontakte Sande kommune. Naboane kan og bekrefte på mail om  at dei samtykkjer i planane.  Naboane skal sende evnt. merknadar til deg, slik at du kan sende  dei samla saman med søknaden til kommuna.

Dersom du skal sende nabovarsel rekomandert i posten, så må du fylle ut eit nabovarsel til kvar enkelt nabo  saman med kart som syner tenkt frådeling.  Vidare tek du med nabovarslingslista til posten der dei kvitterer på  at du har sendt nabovarsel rekommandert.  Dersom du ikkje har høyrt frå den varsla naboen etter 14 dager, så kan du rekne med at naboen godkjenner frådelingsplanane.

Kva kostar det? 

Her finn du fullstendig prisliste for 2024

 

Søknaden kan sendast til postmottak@sande-mr.kommune.no 

eller til Sande kommune, Rønnebergplassen 17 , 6084 Larsnes

Kontakt

Patrick Leganza-Jeppesen
sakshandsamar
E-post