Kommunale bustadtomterSande kommune opplever stor aktivitet i næringslivet og stor etterspurnad etter husvære.Aktiviteten rundt husbygging har også auka dei siste åra, og vi erfarer at mange er interesserte i å etablere seg i Sande.Sande kommune har nokre ledige kommunale tomter som er byggeklare, og nokre private utbyggarar arbeider med planer for klargjering av bustadtomter og bustadar.Kvar finn eg ledige tomter?Oppdatert oversikt på kommunale tomter, finn du på www.sunnmørskart.no(Vel kartgrunnlag til venstre på sida og kryss av for sal av tomter på høgre sida).Det finst også tomter på privat grunn. Då må du ta kontakt med private utbyggarar.Her finn du oversikt på evt ledige tomter på privat grunn og eigedomar til sals. Kva kostar tomtene?Kvadratmeterspris (m2) for nye bustadfelt vert i utgangspunktet fastsetjast med basis i kva det kostar å opparbeide bustadfeltet inklusive grunnervervskostnadar. Nye bustadfelt vert taksert før ein legg tomtene ut for sal.I eldre bustadfelt har vi fortsatt nokre tomter som er subsidiert. Tomteprisen er her sett til kr 50/ m2. Kva kostar det å byggje?Når du skal byggje bustadhus får du kostnader til: Søknad om byggeløyve, ansvarsrettar Utstikkingsgebyr Tilknyting vatn/avløp. Byggekostnadar 2022 Type byggesak Grunnbeløp Nybygg, einebustad 15540 Gebyr avløp bustadhus - 2022 Tilknytningsavgift Årsgebyr -Bustad under 250m2-abonnement og forbruk Årsgebyr -bustad over 250m2 -abonnement og forbruk Fritidshus 18820 3810 4302 1906 Gebyr vatn - 2022 Tilknytningsavgift Hus under 250m2 Hus over 250m2 Fritidsbustad 18628 6811 7806 3407 Ta gjerne kontakt for meir informasjon. Publisert 02.10.2018 14:28 Sist endra 03.03.2021 15:18