Adressetildeling

Alle eigarar av bustadhus, fritidsbustadar og næringseigedomar i Sande som er tilknytt veg, skal ha vegadresser. Dersom du opplever at det vert nytta feil adresse på deg, så sjekk kva du står oppført med av adresse i Folkeregisteret.

Endre opplysningar i Folkeregisteret gjer du her skatteetaten.no/person/

Informasjon om din eigedom og adresse finn du på Kartverket sine nettsider.

 

Kven får tenesta?

Vegadresse vert tildelt  bygningar som vert brukt  til bustad, fritidsformål, næringsverksemd, offentlig verksemd og annan verksemd som tener eit større publikum.  Bustadar med eigen  ytre inngang skal ha eige adressenummer. Eigedomar  og bygningar  får tildelt adresse til den veg eller gate som dei har hovedadkomst frå. 

Ved nybygg vil eigar få brev om adresse samstundes som det vert gitt  igongsettingsløyve  for bygging.

 

Bustadnummer

Bustadnummer nyttar ein der fleire bustadeiningar har same vegadresse, store bygg med felles inngang og bustadhus med fleire bueiningar. Bustadnummer inneheld ein bokstav for etasje og fire tal.  Eksempel H0201- Bustaden ligg i hovedetasje 2- leilighet 1.

 

Omadressering

Kommunen kan endre adressa på eigedomen din når dette er naudsynt, for eksempel når tilkomstvegen vert endra, når det vert gjort frådeling av nye tomter, oppsetting av nye bygg, eller når det er vanskar med å finne fram til ei adresse. Det er eigar som må koste nytt nummerskilt.

 

Kva kostar det?

Tenesta er gratis, men det er eigar som må kjøpe og sette opp nummerskilt.

 

Feil og manglar 

Om du oppdagar feil eller manglar i forhold til di adresse kan du ta kontakt med Sande kommune. 

Ta kontakt på epost eller telefon.

 

Nyttige lenke:

Meir om adressering finn du her:

https://www.kartverket.no/eiendom/adressering/Offisiell-adresse/

https://www.kartverket.no/Kart/Stedsnavn

Kontakt

Ronny Prozenko
avdelingsingeniør kart/GIS
E-post
Mobil 996 49 854