Etablering av parkeringsplassar

Korleis skal parkeringsplassar utformast?  Kva krav gjeld? 

Både private og offentlege plassar skal utarbeidast etter ein viss standard. Dette blir regulert av 

  • Plan- og Bygningslov
  • Teknisk forskrift (TEK17)

Plan- og Bygningslov

Krav til utforming av uteareal er heimla i PBL § 28-7 «Den ubebygde del av tomta. Fellesareal»

"Uteareal skal innenfor sin funksjon være universelt utformet i samsvar med forskrifter gitt av departementet.  Uteareal for arbeidsbygg skal være universielt utformet i samsvar med forskrift gitt av departementet."

 

Teknisk forskrift (TEK17)

Teknisk forskrift kapittel 8 handlar om opparbeida uteareal.

Paragraf 8-8 i teknisk forskrift gir meir detaljerte krav til universell utforming av uteareal. Grunnregelen er at det må vere tilstrekkelig, men alltid minst ein universelt utforma parkeringsplass.

Talet på UU-plassar vil variere alt etter kva bruk plassen er retta mot. Med «tilstrekkelig» vert det lagt til grunn minst 5-10% av plassane. I TEK17 kapittel 8 finn ein og unntak frå generelt krav.

Preaksepterte løysingar

Talet på parkeringsplassar vil ein finne i dei kommunale reguleringsføresegene. Som hjelp til å finne ut kva som vert akseptert som ein godkjent universelt utforma parkeringsplass kan ein nytte Sintef Byggforsk sitt datablad nr 312.130. Her vil ein og kunne finne hjelp til å dimensjonere talet på parkeringsplassar.

 

Anna som ein må vere merksam på:

Når ein planlegg parkeringsplassar må ein og vere merksam på at det er krav om

  • Tilrettelegging for straumuttak for elbil lading.
  • Gangsone frå parkeringsplass til inngang skal vere fri for hindringar.
  • Taktil merking av gangsoner.
  • Merking med luminanskontrast ( fargeforskjell)  på minst 0,4.
  • "Ledeliner" skal vere kontinuerlege og utan avbrot.