Feiing og tilsyn

Sande kommune har inngått avtale med Brannteknikk AS -  tlf 98779988  - for utføring av feie og tilsynsarbeidet.

Nytt fagsystem

Sande kommune har teke i bruk nytt fagsystem som på sikt gjev oss betre føresetnad for å utføre feiing og tilsyn etter behov jmf forskrift om brannforebygging §17.

Først vil alle husstandar verte kartlagt og lagt inn i fagdata-systemet.

Frå 2024 vil husstandane oppleve endring i forhold til tidlegare frå feiing/ tilsyn. Etter 2024 vil feiing/tilsyn bli utført vilkårlig i kommuna etter ei risikovurdering på bakgrunn av blant anna fyringsmønster og tilstand på fyringsanlegget. Enkelte vil få hyppigare besøk av brannførebyggar, medan andre har lågare risiko og vil få besøk sjeldnare.

Frå 2024 skal alle fritidsbustadar i kommuna ha feiing/tilsyn.

Digital kommunikasjon

Varsel om feiing vil bli sendt ut via sms minst to dagar før besøk. Rett etter besøket vil du få ei ny melding med informasjon om at feiing er utført/ ikkje utført, med eller utan merknadar. Rapportane vil bli lagra i “min eiendom” på kommuna sine heimesider. 

 

 

Brannførebyggaren vil i tilsynet registrere fyringsanlegg, sløkkjeutstyr, brannvarslarar og rømningsvegar. Ved tilsyn må eigar eller representant for eigar møte opp.

Ved feiing vil brannførebyggaren kontrollere tilkomst, tilstand på skorstein både over tak og innvendig, samt utføre sjølve feiinga.

 

Korleis får du varsel?
  • Varsel vil verte sendt ut på sms. Huseigar må svare på denne melding kun med tallet 1 eller 2 for å få bekrefta besøk eller få nytt tidspunkt. Varselet vert sendt ut på eige system så det vil vise avsendar frå eit 12 siffra nummer.
  • For at vi skal vere sikre på at det er registrert rett mobilnummer, må huseigar sjekke på https://www.norge.no/nn/oppdater-kontaktinformasjon  om rett nummer ligg inne.
  • På www.varlsemeg.no kan de i tillegg legge inn fleire kontakter pr eigedom.
Kva er formålet med besøket av brannførebyggar?
  • Kontroll av fyringsanlegg
  • Vurdering av feie hyppigheit
  • Kontroll av tilkomst til skorstein og sotluke
  • Informasjon om rømmingsveg, sløkkjeutstyr og røykvarslarar
  • Informasjon om bruk og oppbevaring av farleg væske og gass
  • Generelt om branntryggleik

Frå 1.1.2021 endra yrkestittelen seg frå feiar til brannførebygger - dette for å dekke meir arbeidsoppgåvene til brannførebyggaren. Oppgåvene  er meir enn berre feiing av skorsteinar. Ei viktig oppgåve for å førebygge brann, men også å kunne rettleie om ulike fyringsmetodar og korleis redusere forureining og sotdanning. Brannførebyggeren har god kunnskap om bygningskonstruksjon og bygningsmaterialer, og kan berekne korleis eldstad, skorstein og ventilasjon fungerer saman. Brannforebyggaren er ekspert på fyringsanlegg og brannsikkerheit i bustadar.

Kva må du gjere når du får besøk av brannførebyggaren?
  • Du må vere heime når brannførebyggar kjem på besøk. Ved feiing frå tak er det tilstrekkeleg å legge fram stige under takstige.
  • All informasjon om fyringsanlegg/ branntryggleik vert registrert.
  • Huseigar vil få rapport frå brannforebyggar etter besøk.
  • Huseigar kan gå inn på “mineiendom” får å få oversikt kva som er registrert på eigedomen.
  • Merknad og/ eller avvik vil kome fram i rapporten og i “mineiendom
  • Huseigar kan sende tilbakemelding på avvik direkte frå “mineiendom
Ved feiing
  • Gi beskjed til alle i hustanden at det vert feia, også eventuelle leigetakarar.
  • Ikkje fyr i eldstaden eit døgn før feiing.
  • Steng alle omnsdører, luker og spjeld for å unngå sotutslag.
  • Alle feie- og sotluker må vere tilgjengeleg.
  • Legg fram stige under tilkomst til taket.
  • Om ikkje brannførebyggar fjernar soten, må du sjølv gjere dette etter feiing.
Krav til tilkomst
  • Det skal vere god tilkomst til skorstein - det skal vere trinn på taket heilt frå takrenne til skorsteinen. Er skorsteinen høgare enn 1.2 m frå øvste trinn, må det monterast plattform.
  • Husstige skal vere av godkjent type, skal sikrast mot utgliding og kan ikkje vere av tre, stål eller av typen som er ledda eller teleskop.
  • Ved feiing frå loft må loftsluka vere minimum 50 cm x 60 cm, og det skal vere ståhøgde på loftet.

 

Feiing og tilsyn er heimla i Forskrift om brannforebygging

  • §6 fortel om eigars plikt til melde frå om endringar på fyringsanlegget, til å syte for att fyringsanlegget virkar som det er tenkt og sørge for tilfredstillande tilkomst.
  • §17 fortel om kommunens plikt til å utføre feiing og tilsyn.

 

Kva kostar feiing? 

pr år, inkl mva
Feiing- 2022
Kva blir feia? Pris
Feiing 669
Ekstra pipeløp 335

 

Kontaktpersonar :

Sande kommune Kjell Hauge 99579716 epost kjell.hauge@sande-mr.kommune.no

Brannteknikk AS Stian Dyrvik 98779988 epost post@brannteknikk.net