Feiing

Kommunen har plikt til å syte for at det vert utført feiing og tilsyn med fyringsanlegg.
Dette er fastsett i Lov om brannvern og Forskrift om brannførebyggande tiltak og brannsyn.

Feiing skal utførast kvart 2.år og tilsyn kvart 4.år .
Sande kommune inngått avtale med Vakt og kontrollservice på Hareid for utføring av feiing og tilsyn.
Tlf.: 915 61634

 

Kva krav er det til tilrettelegging for feiing?


Fritidshus er ikkje omfatta av ordning med lovpålagt feiing og tilsyn, men kan få utført feiing etter søknad.
For å få utført feiing må bygninga vere tilrettelagt for feiing med godkjendt takstige eller feieluke på loft. Manglande tilrettelegging for feiing gir ikkje fritak for betaling av feieavgift.

 

Når blir det feia?


Varsel om tilsyn vert utlevert til alle bygningar med fyringsanlegg.
Varsel om feiing vil berre bli utlevert til bygningar med registrert godkjent / forsvarleg tilkomst .
Andre vil få feiearbeidet utført når forskriftsmessig feietilkomst er ordna og innrapport til kommunen.

 

Kva kostar det for feiing?

Feiing- 2020
Kva blir feia? Pris
Feiing 598
Ekstra pipeløp 300