Fritids- eller fast bustad?

Dersom det er endringar i bruken av ein eigedom, skal ein fylle ut ein søknad om endring av grunnlaget for kommunale avgifter.

Dei kommunale avgiftene du betaler, skal vere i samsvar med bruken av huset.

Fritidsbustad er eit hus der det ikkje er registrert busetnad på, og som ikkje blir brukt til utleige,

For fritidsbustad kan ein  søkje om halv avgift for vatn og kloakk/ slam. For redusert renovasjonsavgift må ein søkje Søre Sunnmøre Reinhaldsverk (SSR).

 

Kva er satsane for kommunale avgifter?

Gebyr avløp bustadhus - 2020 kr pr år, inkl mva
Gebyr avløp bustadhus - 2020
Tilknytningsavgift Bustad under 250m2 Bustad over 250m2 Fritidshus
16871 3417 3870 1708

 

Gebyr slam bustadhus - 2020 kr pr år, inkl mva
Gebyr slam bustadhus - 2020
Bustad med septiktank 0-2m3 Bustad med septiktank 2-6m3 pr m3 over 6m3
986 1306 278

 

Gebyr vatn - 2020 pr år, inkl mva
Gebyr vatn - 2020
Tilknytningsavgift Hus under 250m2 Hus over 250m2 Fritidsbustad
17946 6558 7598 3280

 

Feiing- 2020 pr år, inkl mva
Feiing- 2020
Kva blir feia? Pris
Feiing 598
Ekstra pipeløp 300

Korleis søkjer eg?

Her finn du søknadsskjemaet som du skal bruke.

Når får eg svar?

Søknaden blir behandla som raskt som råd. Du får svar innan 4 veker.

Når blir endringa iverksett?

Endringa i betalingssatsane blir iverksett frå 1.halvåret etter at vi har teke mot søknaden din, og den er godkjent.

Kontakt

Kjell Martin Vikene
teknisk sjef
E-post
Telefon 70 02 67 10
Mobil 908 82 170