Reguleringsplan-arbeid

Skal du eller bedrifta di gjennomføre større bygge- og anleggstiltak og andre tiltak som kan få vesentleg verknad for miljø og samfunn må ein reguleringsplan ligge føre som grunnlag for tiltaket.

Kven kan kome med framlegg til ny reguleringsplan?

Private, tiltakshavarar (bedrifter) og organisasjonar har rett til å kome med framlegg til detaljregulering for konkrete bygge- og anleggstiltak og arealendringar.

Forslag som kjem frå private, må følgje hovedtrekk og rammer som er nedfelt i kommune(del)plan og gjeldande områderegulering.

Før du startar opp eit planarbeid skal planspørsmålet på førehand leggast fram for planmynde i kommunen. Dei kan gi råd om korleis planen bør utarbeidast og kan gi føringar for planarbeidet.
Sjølve reguleringsplan-forslaget  skal utarbeidast av fagkyndige.

 

Søknadsprosess - korleis går ein fram i dette arbeidet?

  • Kontakt teknisk eining for å avklare rammer og utfordringar.
  • Formannskapet gir i eiga sak løyve til utarbeiding av private reguleringsplanar. 
  • Forslaget skal kunngjerast  i pressa og du må varsle  aktuelle offentlege organ om igangsetting av planarbeidet.
  • Utarbeiding av reguleringsplan.
  • Send saka til førstegongs handsaming i Planutvalet( Formannskapet).
  • Planen skal no til offentleg ettersyn, dvs kunngjering i presse og utsending til høyringspartar.
  • Etter høyringsfristen skal saka handsamast på nytt i Planutvalet. Dei gjer evt eit vedtak om innstilling til kommunestyret.
  • Saka blir etter dette handsama i kommunestyret.
  • Når saka er godkjend i kommunestyret, skal vedtaket  kunngjerast med eventuell klagefrist.

Kva kostar sakshandsaminga?

Gebyrregulativ for reguleringsplanar - 2022
Type reguleringsplan Grunnbeløp Gebyr pr. daa 0-5 Gebyr pr daa over 5
Ordinært handsamingsgebyr 6580
Reguleringsplan/vesentleg endring av plan 6580 2200 1100
Mindre vesentleg reguleringsendring 1060 1100
Endring av reguleringsplan, handsama i plannemnd (utan tillegg for areal ) 12950
Kurante mindre endringar av reg.plan handsama adm 4360
2.gongs off ettersyn av planframlegg 880
3.gongs off ettersyn av planframlegg 660