Kvar finn eg barnevernstenesta?
Barnevernstenesta i Sande er ein del av NAV-kontoret som er lokalisert på Rådhuset.
Tenesta har bemanning i ordinær arbeidstid. 70026700 er telefonen til barnevernstenesta.
Konstituert barnevernsleiar er Ann- Kristin Ringstad, tlf 99579709
Barnevernstenesta
- arbeider etter Lov om barneverntjenester og skal med ulike tiltak sikre barn forsvarleg omsorg.
- skal drive førebyggjande verksemd.
- skal ta omsyn til barnet sitt beste.
Lov om barneverntjenester gjeld for alle barn under 18 år, og når barnet samtykkjer, kan tiltak som er iverksett før barnet er 18 år, stå ved lag eller ein kan erstatte det med nye tiltak inntil barnet har fylt 23 år. Lov om barneverntjenester gjeld for alle som oppheld seg i riket.
Melding til barnevernet
Utgangspunktet for barnevernstenesta sitt arbeid, er bekymringsmelding frå private eller ein offentleg instans. Offentlege tenester har meldeplikt når dei vert bekymra for omsorga til barn.
Barn/ungdom og foreldre kan sjølve ta kontakt med barnevernstenesta for å få hjelp.
Barnevernstenesta har plikt til å gjennomgå alle innkomne meldingar.
Du finn meldeskjema til barnevernstenesta under www.barnevernet.no
Tiltak frå barnevernstenesta
Barnevernstenesta har rett og plikt til å gjere undersøkingar dersom det er rimeleg grunn til å tru at barnet lever under forhold som kan gi grunnlag for tiltak etter barnevernlova.
Hjelpetiltak kan til dømes vere støttekontakt, avlastning, ansvarsgruppe og råd og rettleiing til foreldre og barn.
Dersom forholda tilseier det, kan barn bli plasserte utanfor heimen i kortare eller lengre perioder. Ofte skjer dette i samråd med foreldre. Det er fylkesnemnda som tek avgjerd om plassering utanfor heimen.
Akuttberedskap
Barnevernstenesta i Sande har ikkje akuttberedskap.
Dersom det oppstår situasjonar der barn akutt er utan omsorg, er det det øvrige beredskapsapparatet som skal nyttast ( td lege, politi).
Politiet har heimel til å plassere barn i akutte situasjonar.
Alarmtelefon for barn og unge 116 111
Barne- og likestillingsdepartementet har oppretta ein alarmsentral/ alarmtelefon for barn og unge. Det er gratis å ringe dit.
Du kan ringe kvardagar mellom kl. 1500 og 1800 og heile døgnet i helgar og helgedagar
Målsetjinga med alarmsentralen er at barn skal kunne henvende seg til eitt telefonnummer om sin situasjon og si bekymring, og at henvendelsen deretter kan bli vidareformidla til rett instans i kommunen for oppfølging.
Vaksne som er bekymra for barn skal også kunne ringe alarmtelefonen.
https://www.116111.no/
Her kan du lese om barnevernet på fleire språk