Omsorgsbustad

Omsorgsbustad

Ein omsorgsbustad er ein bustad som er fysisk tilrettelagt, med mellom anna universell utforming slik at den skal vere tilpassa personar som har nedsett funksjonsnivå.

Bustaden skal vere slik at den eller dei som bur der skal ha høve til helse- og omsorgstenester.

Omsorgsbustaden er bebuaren sin heim og helse- og omsorgstenester blir gitt på same måte som for andre heimebuande.

Sande kommune har ulike omsorgsbustader:

For brukarar med heildøgns helse- og omsorgstenester:

  • Sørhagen og Haugetun som er lokalisert i Sandetun omsorgssenter
  • Elvebakken - for dei som treng omfattande tenester

For brukarar som treng helse- og omsorgstenester:

  • Elverom

Ein kan ikkje søkje på spesifikk bustad, men bustad vert tildelt etter ei kartlegging av behov for omsorg.

Det er primært innbyggjarar frå Sande som kan få tildelt omsorgsbustad.

Ein omsorgsbustad er for deg som ikkje greier å ta vare på deg sjølv heile døgnet sjølv om du får helse- og omsorgstenester frå kommunen.

 

Kven blir prioritert?

Dersom talet på søkjarar er større enn omsorgsbustadar kommunen har til disposisjon, vert det gjort ei prioritering. Ved prioriteringa skal det leggast vekt på grad av hjelpebehov, og spesielt behovet for helse- og omsorgstenester.

Søkjar som etter ei samla vurdering har størst behov for omsorgsbustad og helse- og omsorgstenester, skal prioriterast.

Dessutan må ein ta særleg omsyn til personar som har spesielle behov for tilpassa bustad, for å forhindre eller utsette institusjonsplass.

Det er krav om individuell vurdering av kva type bustad som vil høve for den enkelte ved tildelinga av bustad. 

Dersom eigna bustad ikkje er ledig, vert søkjar sett på venteliste.

 

Korleis søkjer eg?

Du kan bruke det elektroniske søknadsskjemaet som du finn her.

Dersom du ikkje har høve til å søkje elektronisk , kan du ta kontakt med Sande kommune - tlf 70026700  eller tenestekoordinering - 91625895  så får du hjelp til å søkje på papir.

Søkjer du på vegne av andre skal eit fullmaktskjema ligge ved.

Her finn du døme på dette eller du kan lage ditt eige der du fyller inn dei opplysningane vi spør etter. (PDF, 380 kB)

Etter at du har søkt, vil Eining for tenestekoordinering  ta kontakt med deg.

 

Kva kostar ein bustad?

Omsorgsbustadar - 2023
Husvære Stad soverom Pris
Elvebakken Larsnes 1 7689
Elverom Larsnes 1-2 7537
Sørhagen inkludert straum, telefon, tøy, vask av tøy, vask av husvære og forbruksvarer Larsnes 1 9546
Haugetun Larsnes 1 7943

 

Når får eg svar?

Vi behandlar søknaden din så fort som råd. Du får svar innan 4 veker.

Treng du hjelp til å betale husleiga? 

Bustøtte er ei løysing dersom du har lav inntekt. Les meir om bustøtte her.  Ein føresetnad er at du har meldt flytting til den omsorgsbustaden du evt får tildelt. 

Fortsette å bu heime? 

Den bustaden du bur i kan kanskje tilretteleggast. Kommunen kan føreslå ei slik tilpasning der det er aktuelt.

Kontakt

Kari Johanne Skarmyr
einingsleiar heimeteneste
E-post
Mobil 95 91 89 65