Skulehelseteneste

Skulehelsetenesta skal drive førebyggande helsearbeid for barn og unge, og fylgjer tilrådingar frå Helsedirektoratet.

Kva er skulehelseteneste?

Skulehelsetenesta er ei lovpålagt teneste til alle born og unge frå 5 til 20 år som går på skule.

Eleven sin trivsel, det psykososiale oppvekstmiljøet samt eleven si fysiske og psykiske helse står i fokus for skulehelsetenesta.

Tenesta samarbeider med skulen, lege, PPT, barnevern, BUP, fysioterapeut, tannpleiar og andre aktuelle instansar.

Helsesøster er ute i skulane ved ulike høve til dømes når det skal vere vaksinasjon i 2., 6., 7. og 10. årstrinn.

I  3. og 8.klasse er det måling av vekt og lengde og vi har helsesamtalar i desse klassene.

i 5.klasse er det pubertet-samtale og seksualundervisning i 9.klasse.

Vaksiner

Her kan du lese meir om vaksiner

Kvar finn du oss?

Vi held til på helsestasjonen, som er samlokalisert med legesenteret.

Adressa er Prestegardsvegen 5, 6084 Larsnes.

og ved Gursken, Kvamsøy og Sandsøy oppvekstsenter på trefftida til skulane. 

Kva må eg gjere for å kome i kontakt med skulehelsetenesta?

Alle elevar er velkomne innom helsesøster sitt kontor på skulen i trefftida ved dei aktuelle skulane. Ein kan elles ringe helsesøster på telefon 70026760/ 70026762 eller kome innom helsestasjonen direkte.

Trefftid Kvamsøy og Sandsøy: ein måndag pr månad - oppslag på skulane 

Trefftid Gursken: måndagar frå kl 9.30 -11.00

 

Kostar det noko?

Tenesta er gratis.

Kontakt

Katrin Kvalsund Leine
leiande helsesøster
E-post
Telefon 70 02 67 60
Mobil 957 80 270