Jordmor

Frå graviditet, via fødsel til barsel er det fleire tenester som kan vere aktuelle å få frå både kommunen og frå spesialhelsetenesta.

Alle gravide har rett til svangerskapskontroll der ein får medisinsk kontroll, råd og rettleiing slik at den gravide og barnet har det best mogeleg. 

 

Kven kan få tenesta?

Tilbodet om svangerskapsomsorg er frivillig og den gravide kan sjølv velge om ho vil gå til jordmor eller lege.

Kva kan du forvente?

Vi rår den gravide til å følgje ein plan for svangerskapsomsorga som kan tilpassast individuelt. I kommunen vår samarbeider kommunejordmor og fastlege om omsorga for den gravide og hennar familie.

Dei gravide kan ta del på foreldreførebuande kurs i Ulsteinvik. Meir informasjon om svangerskapskurs får du hos jordmor. 

Påmelding skjer ved jordmor eller helsestasjonen i Sande - tlf 70026760.

Kontaktinformasjon

Time hos jordmor kan tingast ved å ringe Sande legekontor : 70026760

Ved behov for jordmor kveld, natt og helg ring legevaktsentralen 116117. 

Om det haster, ring 113. 

Kva kostar det? 

Tilbodet er gratis.

Nyttig lenke: 

Her kan du lese meir om svangerskapsomsorg

Kontakt

Sara Fugledal Wiik
jordmor
E-post
Telefon 70 02 67 62
Mobil 480 23 181