Sandetun omsorgssenter opnar for besøk

Sande kommune Etter å ha vore stengt eit par dagar i samband med smittesporing og testing kan omsorgssenteret opne for vanleg besøk att.

Det er ikkje lenger naudsynt å avtale besøk ved Sandetun omsorgssenter, men besøka skal skje på følgjande måte:

  • Vi oppmodar om at besøkande ikkje kjem før kl 10:00 -  eller etter kl 20:00, og at det er ro rundt måltida på omsorgssenteret.
  • Det er kjekt for pasienten at de kan møtast på pasientrommet eller i fellesstovene på omsorgssenteret.
  • Turar utanfor omsorgssenteret er også fint for dei pasientane som har høve til det. 

Vi minner og om dei generelle reglane for smittevern som skal følgjast vidare!

Som du veit skal du vere heime om du har symptom eller er nærkontakt til ein smitta!