Individuell plan og koordinering

Individuell plan og koordinering

Alle med behov for langvarige og koordinerte tenester har rett til å få utarbeidt ein individuell plan. Individuell plan (IP) skal bidra til at tenestemottakar får eit heilskapleg, koordinert og individuelt tilpassa tenestetilbod.
Individuell plan er ein overordna plan som skal innehalde ei samla oversikt over tilbod gitt av ulike tenesteytarar.



 

Kva er føremålet med individuell plan og koordinator ?

  •  At du får god koordinert hjelp utifrå dine behov. Tenesteytarane har ansvar for å samarbeide om oppfølgjing  av deg.
  •  Dine mål, ressursar og behov for tenester skal kartleggast. 
  •  Tiltak som kan dekke dine behov for hjelp,  skal vurderast og koordinerast.
  •  Du har rett til å delta i utarbeidinga av planen.

Samtykke:

Individuell plan skal ikkje utarbeidast utan ditt samtykke. Her finn du samtykkeskjemaet som du skal bruke. (PDF, 78 kB)

Innhaldet i planen:

  •  Ei oversikt over dine mål, ressursar og tenestebehov.
  •  Ei oversikt over kven som deltek i planarbeidet.
  •  Kven som er brukarkoordinator.
  •  Ei oversikt over kva du (pårørande) vil bidra med i planarbeidet.
  •  Ei oversikt over aktuelle tiltak, omfang og kven som har ansvaret.
  •  Ei beskriving av korleis tiltak skal gjennomførast.
  •  Planperiode, tidspunkt for eventuelle endringar og revidering.

Den individuelle planen gir deg ikkje rett til tenester utover det som er regulert i lovverket elles.

Kven kan få individuell plan ? 

Dersom du over lang tid har behov for tenester på fleire område, har du rett til å få utarbeidt ein individuell plan.
Retten til å få tilbod om og å få vurdert behovet for individuell plan er lovfesta i helse og omsorgstenestelova kap 7
Både barn og vaksne med langvarige og samansette behov kan ha behov for individuell plan.

Kva kostar det?

Tenesta er gratis.

Korleis søkjer eg?

Når får eg svar?

Vi vil handsame søknaden din så fort som råd. Du får svar innan 4 veker.

Kontakt

Wenche Brit Thorseth
einingsleiar helse og koordinerande eining
E-post
Telefon 70 02 67 40
Mobil 91 62 58 95