Kva er livsgledeheim ?

Kva er livsgledeheim ?

Livsgledeheim er eit verktøy for kvalitetsarbeid som systematisk  tek i vare psykososiale behov til
dei som bur på sjukeheim og  omsorgsbusstadar.

Livsgledeheim skal også vere med på å åpne institusjonane gjennom rutiner for samarbeid med aktører i lokalmiljøet. Slik håper ein at vi kan skape auka frivillegheit i eldreomsorga.
Samarbeid med pårørande, næringsliv, foreiningar og andre i nærområdet håper ein skal opne for nye former for bærekraft og frivilligheit.

Generasjonsmøter mellom skular og barnehagar og eldre håper ein også å få til - noko som kan vere helsebringande for alle grupper- både unge og eldre.  Kanskje kan slik involvering vere med på å hjelpe oss med rekruttering av både frivillige og helsepersonell på sikt.

Sandetun sjukeheim og Sandetun omsorgsbustadar er sertifisertesom Livsgledeheimar.

Ein livsgledeheim kan altså vere :

  • Ein heim, der målet med omsorgsarbeidet er å bevare menneskeverdet og anerkjenne det unike og individuelle hos alle, uansett diagnose
  • Ein heim som legg til rette for at kvar enkelt bebuar får individuelt tilpassa aktivitetar og føler seg heime
  • Ein heim som tek årstidene og naturen inn, noko som igjen bidreg til realitetsorientering
  • Ein heim der dyr er hjarteleg velkomne for dei som har glede av det
  • Ein heim der ein har det triveleg og kan dyrke den sunne galskapen
  • Ein arbeidsplass som har eit system for å ivareta bebuarane sine sosiale, kulturelle og åndelege behov
  • Ein arbeidsplass der alle tilsette skal jobbe saman som gode lagspelarar for bebuarens beste, med fokus på kvalitet i tenesta
  • Ein arbeidsplass der alle tilsette kjenner til livsgledearbeidet, og jobbar etter prinsippa for personsentrert omsorg
  • Eit fysisk og sosialt miljø som støttar opp om og er inkluderande for bebuarane
  • Ein stad der generasjonar kan møtast og trivast, og der barn og unge er ein naturleg del av kvardagen
  • Ein stad der pårørande og frivillige er naturlege bidragsytarar i kvardagen
  • Ein åpen del av nærmiljøet, kor menneske ønsker å kome og vere

Her kan du lese meir om kva Livsgledeheim er for noko. 

Har du facebook, kan du følgje med på aktivitetane her på denne sida. 

Korleis blir dette organisert? 

Det er laga ei livsgledegruppe som består av tilsette på omsorgssenteret. Det er dei som praktisk skal drive prosjektet framover saman med leiar i pleie og omsorg og livsgledekonsulenten Kristine Rein.

Kontakt

Kristine Rein
kommunefysioterapeut
E-post