Næraste pårørande si rolle

Næraste pårørande si rolle

Vi ønskjer samarbeid til det beste for pasienten/ brukaren. Det er viktig at det vert gitt informasjon begge vegar, slik at vi kan gi dei rette tenestene ut i frå pasienten/ brukaren sitt behov.

Det skal avklarast kven pasienten/ brukaren vil ha som sin næraste pårørande. Pasient/ brukar bestemmer sjølv kven som får denne rolla. Pasient/ brukar kan også endre val av næraste pårørande.

 

Næraste pårørande har sterkare rettigheiter enn andre pårørande med omsyn til informasjon, og det er næraste pårørande som kan samtykke på vegne av pasient/ brukar og har journalinnsyn - og klagerett.  Næraste pårørande vert lagt inn i epj- systemet.

 

Dersom pasienten/brukaren er ute av stand til å oppgje pårørande, skal næraste pårørande vere den som i størst utstrekning har varig og løypande kontakt med pasienten/ brukaren.  

Tenesta forheld seg til næraste pårørande i saker som gjelder pasienten/ brukaren, og det er næraste pårørande si oppgåve å formidle dette vidare til andre pårørande.

Det er næraste pårørande som skal ha kontakt med kontaktpersonen.

Her finn du ei nyttig lenke om Pårørandesenteret

Kontakt

Kari Johanne Skarmyr
einingsleiar heimeteneste
E-post
Mobil 95 91 89 65