Praktisk informasjon

Praktisk informasjon

Lege/ sjukehus:

Bu- og habilitering: Teamleiar har ansvar for bestilling og å følge opp legetimar, faste kontrollar. Tenesta legg til rette for følge så langt råd er, men er ikkje ei rettigheit.

Sjukeheim: Dei som har langtids- eller korttidsopphald har tilsynslege som er tilstades 1-2 gongar pr veke. Event. innlegging på sjukehus vert avklara med lege og pasienten har ikkje krav på følge.

Omsorgsbustadar: Dersom pasienten ønskjer kontakt med lege, må time bestillast i samråd med pårørande. Heimetenesta har ikkje høve til å stille med følge til lege eller sjukehustimar.

Dersom du har korttidsopphald er det tilsynslege som har ansvar for deg. Lege kjem då på tilsyn ved forespørsel, tilsynsdag torsdagar.

Fysioterapi:

Det er 3 fysioterapeuter på Sandetun omsorgssenter, to kommunale og ein privat. Det er ikkje nødvendig med henvisning frå lege. Ein kan ta direkte kontakt med fysioterapeut. 

Tannlege:

Bu- og habilitering: Nærgruppa fyl opp tannhelsa.

Sjukeheim: Tannpleiar er på ei runde årleg på sjukeheim, pasientar vert vidare henvist til legekontoret.

Omsorgsbustad i heimetenesta: Pasienten bestiller time direkte og informerer personalet på avdelinga om timen.

Les meir om tannhelse her.

 

Frisør:

Frisør er i 1.etg på Sandetun omsorgssenter annan kvar fredag.Bestill time direkte og informer personalet på avdelinga om timen, slik at dei er merksame på det. Dersom du ønskjer en fast avtale, avtal dette med frisør.

 

Fotpleie:

Fotpleiar er i 1. etg på Sandetun omsorgssenter onsdagar. Bestill time direkte og informer personalet på avdelinga om timen, slik at dei er merksame på det. Dersom du ønsker en fast avtale, avtal dette med fotpleier.

 

Verdisaker:

Vi rådar deg til å ikkje ha liggande store pengesummar eller mykje verdisaker på rommet eller i leiligheiter. Dette vert i tilfelle på eige ansvar.

 

Hygieneartikler:

På sjukeheimen får pasientane det meste  av hygieneartiklar, andre må i hovudsak ordne dette sjølve.

 

Vask av kle:

Haugetun, Elvebakken og Elverom: Den enkelte bebuar må ha vaskemaskin i leiligheita og vaskar/ får hjelp til å vaske klede der. Dersom pårørande ønskjer å stå for all/ delar av klesvasken i eigen heim er dette sjølvsagt fullt mogleg.

Sørhagen: Kleda dine vert i hovudsak vaska den dagen du har dusjedag. Vi nyttar felles vaskemaskin på skyllerommet, men vaskar ikkje kleda dine ilag med andre bebuarar sine kle. Alle pasientrom skal ha eige tørkestativ på badet. Dersom pårørande ønskjer å stå for all/ delar av klesvasken i eigen heim er dette sjølvsagt fullt mogleg.

 

Kle/merking av kle inne på omsorgsenteret:

Merkelappar til merking av kle kan bestillast på ulike nettbutikkar. Merk alle klede så raskt som råd. Pasient/ pårørende har ansvar for dette.

 

Måltid omsorgssenteret:

Frukost:    kl. 09.00 - 10.00.

Lunsj:        kl. 12.00 - 13.00.

Middag:    kl. 15.30.

Kvelds:      kl. 19.00 - 20.00.

Alle måltid vert servert på fellesstova. Ved individuelle behov, kan anna avtalast.

 

Rapport på omsorgsenteret:

Ved rapport er det ønskelig at personalet, så langt det let seg gjere, får ro.

Morgon: kl. 07.15 – 08.00.

Ettermiddag: kl. 14.30 – 15.00.

Kveld: kl. 22.00 – 22.30.

 

Øya: 

Øya er open alle kvardagar kl. 10.00 - 14.00. Kveldsunderhaldning tirsdag og torsdag kl 17.00. Meir detaljert aktivitetsplan for Øya heng på avdelinga og på facebook.

Hjelpemiddel/ syn-hørsel:

Kontakt hjelpemiddelansvarlig om spørsmål knytt til ulike hjelpemiddel. Personalet kan også videreformidle beskjedar/ spørsmål til hjelpemiddelansvarlige. Ved opphør av behov for eit hjelpemiddel, kan dette leverast tilbake til hjelpemiddelansvarlig.

Pasientvarslingsystem:

Dette inkluderer eit veggpanel ved seng og eit armbånd. Desse kan du bruke ved behov for å tilkalle personalet. Personalet har alltid på seg telefon som mottek alarmar frå brukarane som bur på omsorgssenteret.

Velferdsteknologi:   

Primærgruppe/nærgruppe har som oppgåve å sjå om ulike typer velferdstekonologi kan vere aktuelt for å gje best mogleg tenester.

TV:

Sandetun omsorgssenter har desse kanalane inkludert i husleiga: NRK 1, NRK 2, TV2, TVNorge, Visjon Norge. Dersom du ønsker kanalar utover dette har du anledning til å sjølv sørgje for montering av parabolantenne eller liknande.

Internett:

Sandetun omsorgssenter har gratis wifi du kan koble deg på. Informasjon heng på fellesareal.

Telefon:

Det er tilgang på fasttelefon på kvart pasientrom/ leilighet. Avgift for telefon er 200,- pr. mnd.

Avis/ blad:

Haugetun og Sørhagen held Vestlandsnytt, dette kan lesast på fellesarealet. Dersom du ønsker å abonnere på aviser/ blad privat, ordnar du eller dine pårørande dette.

Heimehjelp:

Haugetun: Leilighetene vert vaska annakvar veke, og er ikkje inkludert i husleiga.

Sørhagen: Pasientrom vert vaska kvar veke,  og er inkludert i husleiga.

Opprydding av rom :

Ved fråflytting av pasientrom av ulike årsaker har pasient/pårørende ansvar for opprydding av pasientrommet. Dersom pårørande ikkje ønsker å vaske ned sjølv, kan ein kjøpe denne tenesta. Betalingssats vert fastsett årleg.  Sandetun omsorgssenter tek vanligvis ikkje imot kle, møblar og lignande som ikkje lenger er i bruk.

Vi oppmodar til kildesortering.