Velkommen til helse og omsorgssektoren

Velkommen til helse og omsorgssektoren

Vi som arbeider i Helse- og omsorg vil legge til rette for ein god dialog med pårørande til pasientar og brukarar i helse- og omsorgsektoren. 

Pårørande er ein viktig ressurs for livskvalitet og trivsel for den einskilde – og ofte til god hjelp for oss som har dette som arbeidsplass.

For at vi skal få til ein god dialog er desse momenta viktige:

  • avklaring av forventningar
  • vere samde om gjensidig informasjonsflyt
  • ha ei felles forståing av pasienten/ brukaren sin situasjon
  • betre tenester og tryggleik for pasient/bruker og deira pårørande

Helse- og omsorgssektoren har ulike einingar og avdelingar. Det kan vere ulike ønskjer og behov frå  pårørande, men vi har i denne mappa funne fram til ein del ting som er likt for dei fleste - og litt ulikt alt ettersom kvar ein pasient eller brukar er.

Pårørande skal få tilbod om ein fast kontaktperson i tenesta. Dette vert avklara i velkomstsamtalen. Målet er at den skal gjennomførast innan ei veke etter tildeling av tenesta. Kontaktpersonen skal lage ein avtale med nærmaste pårørande om korleis kontakten og informasjonsutveksling skal foregå, faste møter telefonsamtaler e.a.

Avtaler om informasjonsutveksling og samarbeid med pårørande skal dokumenterast i pasienten sin journal. Avtalen skal innehalde:

  • Kven som tar kontakt og kor hyppig kontakta skal være
  • Situasjonar der tenestene kontaktar pårørande
  • Situasjonar der pårørande kontaktar tenesta

God dialog og samarbeid med pårørande skal gi gode tenester og sikre at pasient/ brukar får dei tenestene dei har rett på. Det skal føre til at pasient, brukar og pårørande opplever tryggleik i kvardagen.

Vi håper denne  informasjonen vil vere til hjelp for pårørande, og vi tek gjerne imot innspel om korleis vi kan verte betre på informasjon og kommunikasjon inn mot pårørande.

Så ønskjer vi eit godt samarbeid til beste for dei som får tenester i vår sektor!

Jørn Velle Moldskred - Kommunalsjef helse- og omsorg