I velkomstsamtalen skal pasient/brukar, pårørande, teamleiar eller ein frå primærgruppa/nærgruppe delta.
Ved behov kan fysioterapeut, hjelpemiddelansvarlig eventuelt andre ta del.
I denne samtalen vert det avklara kven som vert næraste pårørande, og kva oppgåver som ligg til dette.
Velkomstsamtalen skal gjennomførast så raskt som råd, seinast ei veke etter innflytting.
På første møte skal eininga gje informasjon og gå gjennom info-perm som er på kvart rom eller leiligheit.
Det skal avklarast korleis kommunikasjonen mellom pårørande og tenesta skal gå føre seg. Det vert avklart kven som vert pårørande sin kontaktperson.
Kven som er kontaktperson og i primærgruppe/ nærgruppe ligg i informasjonspermen eller som oppslag på rom eller i leilegheit.