Psykisk helse og rus

Psykisk helse og rus

Psykiske helseproblem og rusmiddelproblem skjer i alle aldersgrupper og i alle deler av befolkninga. Ein del klarer å handtere situasjonen ved eigen innsats og med støtte frå familie og nettverk. Andre har behov for hjelp frå helsetenesta.

Kva er teneste for psykisk helse og rus?

Tenesta er eit lågterskeltilbod og ein integrert del av dei øvrige helse- og omsorgstenestene.

Kven kan få tilbod om denne tenesta?

Dei tilsette gir hjelp og støtte til personar med vanskar knytt til psykisk helse og rus, og deira pårørande.

Om tenesta

Tenesta høyrer til i heimetenesta i kommunen. Vi gir individuell oppfølging i heimen eller i samtalar på eit kontor. Med fokus på førebygging gir vi også oppfylging av unge personar.

Dei som tek imot hjelp får tildelt ei primærkontakt og det vert skrive eit vedtak med timetal og innhald i hjelpetiltaket.

Målsetjinga er:

  • å førebygge og redusere problemutvikling
  • å fremje meistring av eige liv
  • å betre levekåra

Kva hjelp kan vi tilby:

  • støttesamtalar
  • oppfølging i bustad
  • følgje til eller formidle kontakt med andre instansar i hjelpeapparatet
  • fremje sak om tvangsvedtak for Fylkesnemnda- rus
  • tilvising og oppfølging saman med rusbehandling i 2.linjetenesta
  • oppsøkande verksemd ved bekymringsmeldingar
  • oppfølging av pårørande, informasjon, råd og rettleiing
  • Ta Tak- interkommunalt pårørandekurs i samarbeid med KoRus og 2.linjetenesta
  • heimesjukepleie- medisinutlevering og anna hjelp

 

Kva kostar det?

Tenesta er gratis.

 

Korleis søkjer du?

Her finn du det elektroniske søknadsskjemaet.

Dersom du ikkje har høve til å søkje elektronisk , kan du ta kontakt med Sande kommune - tlf 70026700  eller tenestekoordinering - 91625895  så får du hjelp til å søkje på papir.

Du kan også ringe  kontaktperson nedanfor.

Eit anna alternativ er at fastlegen din sender oss ei tilvising.

Søkjer du på vegne av andre skal eit fullmaktskjema ligge ved.

Her finn du døme på dette eller du kan lage ditt eige der du fyller inn dei opplysningane vi spør etter.  (PDF, 380 kB)

Etter at du har søkt, vil Eining for tenestekoordinering  ta kontakt med deg.

 

Når kan du vente svar?

Vi vil handsame søknaden din så fort som råd. Du får svar innan fire veker.

 

Adresser:

Besøksadresse: Sandetun omsorgssenter, kontor 1. etg.

Postadresse: Sande kommune, teneste for psykisk helse og rus, Rønnebergplassen 17, 6084 Larsnes

Kontakt

Kari Johanne Skarmyr
einingsleiar heimeteneste
E-post
Mobil 95 91 89 65