Korttidsopphald

Dersom du treng sosial, psykososial eller medisinsk habilitering eller rehabilitering, kan du søkje om eit korttidsopphald på institusjon.

Du kan få plass på Sandetun omsorgssenter, Haugetun.

Kva kostar det?

Betaling er regulert etter forskrift om egenandel for kommunale helse- og omsorgstjenester i institusjon.

 

Korleis søkjer eg?

Her finn du det elektroniske søknadsskjemaet

eller sjukehuset kan søkje for deg dersom dei saman med deg finn ut at dette kan vere eit godt alternativ til deg for ei periode.

Dersom du ikkje har høve til å søkje elektronisk , kan du ta kontakt med Sande kommune - tlf 70026700  eller tenestekoordinering - 91625895  så får du hjelp til å søkje på papir.

Søkjer du på vegne av andre skal eit fullmaktskjema ligge ved.

Her finn du døme på dette eller du kan lage ditt eige der du fyller inn dei opplysningane vi spør etter. (PDF, 380 kB)

Etter at du har søkt, vil Eining for tenestekoordinering  ta kontakt med deg.

Når kan eg vente svar?

Vi svarar så fort vi kan. Du får eit skriftleg svar innan  3 veker.

 

Nyttige lenker:

Helse- og omsorgstenestelova §3-2, pkt 5

Lov om pasient- og brukarrettar §2-1a

Forskrift om habilitering og rehabilitering, individuell plan og koordinator

Forskrift om ei verdig eldreomsorg