Langtidsplass på sjukeheimen

Langtidsplass på sjukeheimen på Sandetun omsorgssenter gir deg helse- og omsorgstenester og bustad.

Her kan du få pleie og omsorg heile døgnet, med oppfølgjing, observasjon  og behandling av din helsetilstand.

Dersom du har omfattande behov for hjelp til pleie og omsorg heile døgnet og ikkje kan få tilstrekkeleg hjelp i eigen heim, kan det vere aktuelt med ein langtidsplass.

 

Kva kostar ein langtidsplass?

Kostnad for plassen blir regulert etter Forskrift om egenandel for kommunale helse- og omsorgstjenester.

 

Korleis søkjer eg om plass?

Du søkjer på det elektroniske skjemaet her

eller sjukehuset søkjer for deg dersom du har vore på eit opphald ved sjukehuset og treng ein langtidsplass for å få tilfredsstillande hjelp til omsorg og pleie.

 

Dersom du ikkje har høve til å søkje elektronisk , kan du ta kontakt med Sande kommune - tlf 70026700  eller tenestekoordinering - 91625895  så får du hjelp til å søkje på papir.

Søkjer du på vegne av andre skal eit fullmaktskjema ligge ved.

Her finn du døme på dette eller du kan lage ditt eige der du fyller inn dei opplysningane vi spør etter. (PDF, 380 kB)

Etter at du har søkt, vil Eining for tenestekoordinering  ta kontakt med deg.

 

Når får eg svar?

Vi behandlar søknaden din så fort som råd. Du får svar innnan 4 veker.