Avlastningsplass

Avlastningsplass

For personar og familiar som har eit særleg tyngande omsorgsarbeid kan det vere aktuelt å bruke ein avlastningsplass. Når den som treng omsorg er på avlastningsplassen, har familien/ omsorgspersonen høve til å kunne ta ferie og få litt fritid der ein kan delta i vanlege aktivitetar i samfunnet.

Bruk av ein avlastningsplass kan vere med på å hindre at familie/ omsorgspersonar blir for slitne til å klare kvardagen.

Kva er ein avlastingsplass?

Ein avlastningsplass gir deg den daglege omsorga og pleie som du treng under opphaldet.

Tidspunkt for opphaldet og tenesta vert avtalt med deg og/ eller dei pårørande.

 

Kva kostar ein avlastingsplass?

Ein avlastningsplass er gratis.

Om du i tillegg treng andre tenester, til dømes fysioterapi, legetilsyn og frisør, må du betale for dette etter eigne satsar.

 

Korleis søkjer eg?

Du kan søkje på elektronisk skjema her.

Dersom du ikkje har høve til å søkje elektronisk , kan du ta kontakt med Sande kommune - tlf 70026700  eller tenestekoordinering - 91625895  så får du hjelp til å søkje på papir.

Søkjer du på vegne av andre skal eit fullmaktskjema ligge ved.

Her finn du døme på dette eller du kan lage ditt eige der du fyller inn dei opplysningane vi spør etter.  (PDF, 380 kB)

Etter at du har søkt, vil Eining for tenestekoordinering  ta kontakt med deg.

 

Når kan du vente svar?

Vi vil handsame søknaden din så fort som råd. Du får svar innan fire veker.

Kontakt

Kari Johanne Skarmyr
einingsleiar heimeteneste
E-post
Mobil 95 91 89 65