Brukarstyrt personleg assistanse (BPA)

Brukarstyrt personleg assistanse (BPA)

BPA ( brukarstyrt personleg assistent) er ei ordning for deg som har stort behov for praktisk bistand. Ordninga medverkar til større ansvar for eige liv.

I BPA-ordninga er du sjølv - eller nære pårørande -  arbeidsleiar.

Kva er BPA?

BPA er ein alternativ måte å organisere desse tenestene på:

  • praktisk og personleg hjelp i dagleglivet
  • støttekontakt
  • avlasting for barn under 18 år

Ei god rettesnor er at det folk vanlegvis greier sjølv, kan også ein assistent gjere, så lenge det skjer på ein forsvarleg måte.

Kven kan få BPA?

Ordninga er meint for deg som har langvarig og stort behov for hjelp i kvardagen. Ordninga er meint for deg under 67 år, som har behov for hjelp meir enn 25 timar per veke.

Kva kostar det?

Tenesta er gratis, men nokre av tenestene som er inkludert i BPA-ordninga må du framleis betale for. Det gjeld timane som blir nytta til reinhald og klevask.

Betaling for heimehjelp - 2024

Betaling for heimehjelp - 2024
Abonnement heimehjelp Pris pr mnd Pris
Abonnement heimehjelp inntil 2G Etter forskrift
Abonnement heimehjelp 2-3 G 1555
Abonnement heimehjelp 3-4 G 1945
Abonnement heimehjelp 4-5 G 2335
Abonnement heimehjelp over 5 G 2635
Abonnement heimehjelp timar sjølvkost 445 pr time

Tenester i heimen 2024

Tenester i heimen 2024
Teneste Pris pr mnd
Vask av tøy 469

Korleis søkjer du?

Du søkjer i dette  søknadsskjemaet .

Dersom du ikkje har høve til å søkje elektronisk , kan du ta kontakt med Sande kommune - tlf 70026700  eller tenestekoordinering - 91625895  så får du hjelp til å søkje på papir.

Søkjer du på vegne av andre skal eit fullmaktskjema ligge ved.

Her finn du døme på dette eller du kan lage ditt eige der du fyller inn dei opplysningane vi spør etter. (PDF, 380 kB)

Etter at du har søkt, vil Eining for tenestekoordinering  ta kontakt med deg.

Når kan du vente svar?

Vi vil handsame søknaden din så fort som råd. Du vil få brev dersom det tek lenger tid enn fire veker.

Kontakt

Kari Johanne Skarmyr
einingsleiar heimeteneste
E-post
Mobil 95 91 89 65
Wenche Brit Thorseth
einingsleiar helse og koordinerande eining
E-post
Telefon 70 02 67 40
Mobil 91 62 58 95