Demens (geriatrisk oppfylging)

Demens (geriatrisk oppfylging)

Geriatrisk oppfylging er eit lavterskeltilbod der du kan ta kontakt dersom du eller nokon du kjenner har behov for ekstra oppfylging i forhald til vurdering og kartlegging av heimebuande eldre med kognitiv svikt eller demenssjukdom.

Kva kan geriatrisk oppfylging bistå med?

Teamet fylger opp medikamenthandtering, ernæring, personleg hygiene, observasjon av åtferd og eventuelle åtferdsendringar samt vurdering av praktiske tiltak i heimen (velferdsteknologi og tryggleik). 

Kva koster det? 

Tenesta er gratis. Ta kontakt med heimetenesta på telefon 99091919. Dei set deg i kontakt med geriatrisk sjukepleiar.