Følgjekort

Følgjekort

Følgjekort gjer det mogeleg for funksjonshemma å ha med seg følgje på diverse fritids- og kulturarrangement utan at følgjehjelpar må betale inngangsbillett.

Kva er følgjekort?

Sidan 2001 har Sande kommune hatt ordning med følgjekort.

Alle funksjonshemma som har behov for følgjeperson på kulturaktivitetar kan søkje om å få kortet. Det vil gi rett til å betale for ein person på arrangementet under føresetnad av at arrangør har akseptert ordninga.

Følgjekort gjer det muleg for funksjonshemma å ha med seg følgje på diverse fritids- og kulturarrangement utan at følgjehjelpar må betale inngangsbillett. Følgjebeviset gjeld også offentleg transport der den funksjonshemma treng assistanse for å kunne reise.

Følgjekortet er eit personleg kort med namn og bilete som fortel at vedkomande er avhengig av å ha med seg følgjehjelp.

Dei som får innvilga ordninga, får tilsendt eit kort som er gyldig for tre år i gongen. Dette gjeld og utanfor kommunegrensene, alle kommunene i Møre og Romsdal har same ordning.

Her kan du lese meir om ordninga

Kva kostar det? 

Ordninga er gratis.

Korleis søkjer eg?

Her kan du søkje elektronisk på tenesta

Du må også levere

  • eit foto som kan brukast på kortet og 
  • uttale frå lege,legespesialist, godkjent offentleg helseinstitusjon eller Sande kommmune si helse-og omsorgsteneste.

Dersom du ikkje har høve til å søkje elektronisk , kan du ta kontakt med Sande kommune - tlf 70026700  så får du hjelp til å søkje på papir.

Søkjer du på vegne av andre skal eit fullmaktskjema ligge ved.

Her finn du døme på dette eller du kan lage ditt eige der du fyller inn dei opplysningane vi spør etter.  (PDF, 380 kB)

 

Når får eg svar?

Vi vil handsame søknaden din så fort som råd. Du får svar innan fire veker.

Kontakt

Elin Rokstad
informasjonskonsulent
E-post
Mobil 97 75 44 03