Helseteneste i heimen

Helseteneste i heimen

Dersom du som bur heime ikkje sjølv kan oppsøkje helsehjelp på grunn av sjukdom eller funksjonsnedsetting, skal du få hjelp i eigen heim.

Du får hjelp til å dekke grunnleggande  helse- og omsorgsbehov. Helsetenester i heimen vert gitt til personar i alle aldersgrupper.

Kva slags hjelp kan eg få?

Heimetenesta kan tilby deg helsefagleg hjelp utifrå din situasjon og ditt behov.

Kven kan få helsetenester? 

Helsetenester i heimen er eit tilbod til deg som bur heime, men som av ulike fysiske og psykiske årsaker har behov for helsefagleg hjelp i heimen. Helsetenester i heimen kan vere ei heildøgnsteneste.
 

Kva kostar det?  

Tenesta er gratis.
 

Korleis søkjer du?

Du kan søkje på eit elektronisk skjema her.

I søknaden skriv du litt om behovet ditt, og legg ved den dokumentasjonen som blir etterspurt.

Dersom du ikkje har høve til å søkje elektronisk , kan du ta kontakt med Sande kommune - tlf 70026700  eller tenestekoordinering - 91625895  så får du hjelp til å søkje på papir.

Søkjer du på vegne av andre skal eit fullmaktskjema ligge ved.

Her finn du døme på dette eller du kan lage ditt eige der du fyller inn dei opplysningane vi spør etter.  (PDF, 380 kB)

Etter at du har søkt, vil Eining for tenestekoordinering  ta kontakt med deg.

Når kan du vente svar?

Vi handsamar søknaden din så fort som råd. Du får svar innan 4 veker.

Kontakt

Kari Johanne Skarmyr
einingsleiar heimeteneste
E-post
Mobil 95 91 89 65