Hjelpemiddel

Hjelpemiddel

I faser av livet vil du kunne ha behov for hjelpemiddel for å kunne klare deg i det daglege.
Tekniske hjelpemiddel er til hjelp for personar som er funksjonshemma, er utsett for skade, er operert eller som har redusert funksjonsevne pga. sjukdom.

Tekniske hjelpemiddel

Tekniske hjelpemiddel kan bidra til å kompensere for tapt funksjon. Formålet med hjelpemiddel er å gi enkeltmenneske muligheit til å mestre aktivitetar sjølvstendig. Slike aktivitetar kan til dømes vere å forflytte seg sjølvstendig og trygt, tilberede måltid, lese, høyre, gjere ein hobby, delta i sport, kommunisere, få oversikt over kvardagen og gjennomføre personleg stell.

Kortvarig behov for hjelpemiddel

Har du eit kortvarig behov grunna ein skade eller operasjon kan du få låne nødvendig hjelpemiddel frå kommunalt lager.

Ved behov for krykker, doppsko og ispiggar kan det kjøpast i kommuna.

Langvarig behov for hjelpemiddel

Du må ha ein varig (over 2 år) og vesentleg redusert funksjonsevne for å få trygdefinansiert hjelpemiddel. Det finst ingen fullstendig oversikt over alle hjelpemiddel som kan søkast om. Kanskje er det ikkje eit hjelpemiddel du treng, men ein kombinasjon av fleire. Kanskje er det tilstrekkelig å endre aktivitetsutførselen. Det fins eit stort utval av hjelpemiddel. I hjelpemiddeldatabasen finn du mange av produkta. NAV dekker ikkje alle produkta som er i hjelpemiddeldatabasen. https://www.hjelpemiddeldatabasen.no/

Alle kan søke om hjelpemiddel. Ved behov for bistand med kartlegging og søknad kan du ta kontakt med ergoterapeut.

NAV Hjelpemiddelsentral Møre og Romsdal er lokalisert i Ålesund.
Langrabben 4, 6013 Ålesund.
Telefon 40702815

Syn- og høyrselkontakt

Synskontakt kan hjelpe å søke synstekniske hjelpemiddel, samt gi opplæring og oppfølging i bruk av dei. Døme på synshjelpemedel er lupelampe, filterbrille, lese-TV, lydbokavspelar m.m. 

Kriterium for å få synstekniske hjelpemiddel er visus (synsskarpheit) på 0,3 eller dårlegare på beste auge.

Høyrselkontakt kan hjelpe å søke høyrseltekniske hjelpemiddel, samt gi opplæring og oppfølging i bruk av dei. Døme på hørselshjelpemiddel er forsterka varsling av ringeklokke, telefon og røykvarslar, samtaleforsterkar, forsterking av lyd frå TV eller radio m.m.

I Sande Kommune er det Solveig Hagen Sandvik som er syn- og høyrselkontakt.

HLF – hørselshemmedes landsforbund har likemenn som gir hjelp til personar med høyrselshemming. Dei gir gratis rettleiing og hjelp, samt sel batteri og andre rekvisita til høyreapparat. Dei er å treffe på Rådhuset på Larsnes mellom klokka 11 og 13 den tredje torsdagen i kvar månad. 

Kontakt

Julie Ruud
vikar aut. ergoterapeut
E-post
Telefon 48 19 50 90
Solveig Hagen Sandvik
spesialhjelpepleiar
E-post