Kreftsjukepleie

Kreftsjukepleie

Kva er kreftsjukepleie?

Kreftsjukepleie er eit lavterskeltilbod der du kan ta kontakt dersom du eller nokon du kjenner har fått ein kreftdiagnose. Å få kreft og leve med ein kreftsjukdom kan vere vanskeleg både for den som er sjuk og for dei pårørande. Kreftsjukepleiar kan vere tilgjengeleg for den kreftramma og pårørande. Ein kan ta direkte kontakt med kreftsjukepleiar uten å ha andre kommunale tenester. Kreftsjukepleier er å treffe på omsorgssenteret eller på heimebesøk.

Kva er ein kreftsjukepleiar?

  • Er til hjelp for tilrettelegge kvardagen for kreftsjuke og dei pårørande på best mogleg måte.
  • Kan gi råd og veiledning rundt kreftdiagnose, behandlingar, rehabilitering og omsorg ved livets slutt.
  • Kan samordne tilbod og tenester rundt kreftpasientane i kommunen.

Kreftsjukepleiar sine oppgåver:

  • Gi råd, veiledning og informasjon.
  • Være ein ressursperson inn mot pasient og pårørande.
  • Kartlegge behov og symptomlindrande behandling.
  • Samtalepartnar
  • Ha oversikt over tilbod som kan vere aktuelle for deg.
  • Sikre oppfylging av barn og unge som pårørande.
  • Fungere som bindeledd mellom deg og fastlege, heimesjukepleie, omsorgssenter, palliativt team, sjukehus, fysioterapeut, ergoterapeut, helsestasjon, skule, kreftforeining mm.
  • Jobbe tverrfagleg og gi råd og rettleiing til andre instansar og samarbeidspartnarar.

Kva kostar det?

Tenesta er gratis.

Korleis søkjer du?

Du kan nytte dette søknadsskjemaet.

Dersom du ikkje har høve til å søkje elektronisk , kan du ta kontakt med Sande kommune - tlf 70026700  eller tenestekoordinering - 91625895  så får du hjelp til å søkje på papir.

Søkjer du på vegne av andre skal eit fullmaktskjema ligge ved.

Her finn du døme på dette eller du kan lage ditt eige der du fyller inn dei opplysningane vi spør etter. (PDF, 380 kB)

Etter at du har søkt, vil Eining for tenestekoordinering  ta kontakt med deg.

 

Behov for nokon å snakke med? 

Ta kontakt med kreftsjukepleiar i kontortid tysdagar mellom 08.00 og 15.00 på telefon 90180216 eller kontakt heimesjukepleia på telefon 99091919 (svarar heile døgnet).