Omsorgsstønad

Omsorgsstønad

Dersom du har omfattande  og særleg tyngande omsorgsoppgåver heime, kan du ha rett til omsorgsstønad. Det kan vere omsorg gitt til både barn og vaksne, i alle livsfasar.

Kommunen kan gi omsorgsstønad som pårørandestøtte til personar som utfører eit særleg tyngande omsorgsarbeid.

Du kan lese meir om dette i Helse og omsorgstenestelova

Omsorgsstønaden kan gjere det mogeleg for private og pårørande  å stå for omsorgsarbeidet.

 

Kven kan søkje?

Familiemedlemmar eller andre som utfører tenesta kan søkje.

Ved vurdering av søknad skal det mellom anna leggast særleg vekt på fylgjande moment:

  • Det vert gjort ei grundig kartlegging og vurdering av den som treng omsorga. Det vil sei kva hjelpetiltak og tilbod har personen frå før.
  • Den som mottek omsorga må vere heilt avhengig av praktisk og eller personleg hjelp for å kunne bu heime.
  • Om omsorgsarbeidet følgjer til inntektstap for søkjaren.

Les meir om omsorgsstønad på helsenorge.no sine sider

 

Korleis søkjer eg?

Du kan søkje på elektronisk skjema her.

Dersom du ikkje har høve til å søkje elektronisk , kan du ta kontakt med Sande kommune - tlf 70026700  eller tenestekoordinering - 91625895  så får du hjelp til å søkje på papir.

Søkjer du på vegne av andre skal eit fullmaktskjema ligge ved.

Her finn du døme på dette eller du kan lage ditt eige der du fyller inn dei opplysningane vi spør etter.  (PDF, 380 kB)

Etter at du har søkt, vil Eining for tenestekoordinering  ta kontakt med deg.

Når kan du vente svar?

Vi vil handsame søknaden din så fort som råd. Du får svar innan fire veker.